LYSLØYPE

    Image

      HISTORIE

      Året er 2003 og Nils Peder Holme kjem med eit forslag til styret i Bømlo Idrettslag. Ei lysløype sør for Idrettsbanen. Styret er positive til forslaget.
      Åra gikk med grunneiersamtalar og prosjektutreingar. Over 40 tegninger blei laga. Universell utforming og tippemiddelsøknad låg som styring i prosjektet i mange år. Planen var heile vegen å få til ei rundløype. Mange ulike grunneiere er alltid en utfordring i slike prosjekter, og dette var ingen unntak. På årsmøte i Bømlo Idrettslag 10. mars 2020, blei det etter fleire anmodningar, etablert ei lysløypegruppe. Gruppa bestod av initiativtager Nils Peder Holme, Lars Anton Eidesvik, John Kenneth Melkevik og Odd Engen som gruppeleiar.
      Image
      Lars Anton Eidesvik, John Kenneth Melkevik, Odd Engen og Nils Peder Holme
      Gruppa fikk kr. 220.000,- som startkapital og diverse forutsetningar og retningslinjer fra styret. Etter mykje arbeid og mange utfordringar i forhold til myr i området kunne arbeidet endelig begynne 22. mars 2021. Bømlo Maskin stod for entrepenøerarbeidet, mens LOS Elektro leverte og monterte 33 lyktestolpar. Begge lokal næring. Effektiv byggetid landa på ca. 7 veker.
      11. juni 2021 stod lysløypa ferdig og 30 oktober vart det offisiell opning med brødrene Kårbø som klippet snoren. Det blei arrangert Rosa sløyfe-løp same dag, og det var mange som møtte opp.
      Image
      Harald Kårbø klipper snoren

        SPONSORAR

        Lysløypa fekk ei enorm støtte frå både bygdefolket, organisasjonar og næringen i distriktet.
        Image