HISTORIE

Bømlo Idrettslag vart stifta i gymsalen på Hillestveit skule 17. juni 1969. Det var 33 elevar i 9. klasse det året. Og det var i denne klassen viljen var stor for å stifta eit idrettslag.

Bømlo Idrettslag vart stifta i gymsalen på Hillestveit skule 17. juni 1969. Det var 33 elevar i 9. klasse det året. Og det var i denne klassen viljen var stor for å stifta eit idrettslag.

Image
Liv Olson vart valgt til formann og Arnt Tveit vart nestformann. Markus Olson vart kasserer, Georg Lønning sekretær og Arvid Vestvik styremedlem. På første styremøte vart det bestemt å kjøpa 1 fotball, 1 håndball og 1 volleybal, då var kassa tom. Idrettsbanen var då skuleplassen på Hillestveit skule. Første året var det 50 jenter, 63 gutar, 23 damer og 7 menn som var medlemmer. Kontigenter var 5 kr for barn og 10 kr for vaksne. Det var fotball som vart den største gruppa, tett fulgt av ski og friidrettsgruppa.
Image
Tomten til fotballbanen i Hovlandshagen vart kjøpt i 1976 og stod ferdig 1978. Det vart kjøpt 2 brakker l 1980, noko som blei forløparen til det komande klubbhuset. Teikningar til klubbhuset vart godkjent i 1988. Det blei lagt ned mykje dugnadsarbeid i dette prosjektet, og 20. mai 1993 vart klubbhuset innvia. Same dag var óg Bømloløpet arrangert for 5. gong. 2005 blei det lagt kunstgras på fotballbanen og nokre år etter kom tribunen. Idrettslaget fekk gåve frå SK brann, 150 brukte kvite og raude stolar.
I 2021 stod Bømlo Idrettslags lysløype ferdig. Arbeidet med planlegging startet heilt tilbake i 2003. Ei lysløypegruppe blei danna i 2020 med John Kenneth Melkevik, Lars Anton Eidesvik, Nils Peder Holme og Odd Engen som medlemmer. Dei fekk i rekordfart starta bygginga og mobilisert støtte frå næringsliv og private. Resultatet blei ei flott lysløype som er mykje brukt av innbyggjarane. Her må ein understreke at den økonomiske støtten frå private og næringslivet var enorm.