SAMARBEID MED FINNÅS SK
Bømlo Idrettslag og Finnås Sportsklubb har gjennom fleire år hatt eit tett og godt samarbeid innan fotballen. Samarbeidet har utvikla seg til å bli ein viktig del av fotballtilbodet i begge klubbane, og sikrar at barn, ungdom og vaksne får eit best mogleg tilbod i nærmiljøet.
For dei aldersfastsette laga samarbeider klubbane om lag, trenarar og organisering av aktiviteten. Målet er å skapa gode fotballmiljø på tvers av bygdene, samstundes som begge klubbane består som sjølvstendige klubbar med eigne medlemmar og lokal identitet.
Samarbeidet byggjer på dei same verdiane som norsk fotball elles: flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg. Gjennom felles lag får spelarane eit stabilt og utviklande tilbod, samtidig som aktivitet og kampar vert fordelte mellom Våge Idrettsplass og Langevåg Idrettsplass.
Frå 2026 omfattar samarbeidet også eit felles seniorlag for kvinner. Dette gjer det mogleg å tilby eit godt og berekraftig fotballtilbod for kvinner i begge klubbane, og gir spelarane høve til å halda fram med fotballen lokalt.
Me er stolte av samarbeidet med Finnås SK og ser fram til mange nye år med fotballglede, utvikling og gode opplevingar for spelarane våre.









