A-laget i fin flyt

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

A-laget har levert ein imponerande sesong så langt og går til sommarpausen på toppen av tabellen. Resultata kjem ikkje av seg sjølv, men er eit resultat av hardt arbeid, godt samhald og ein sterk klubbkultur.

Det som kanskje kjenneteiknar laget best, er fellesskapen. Spelarane møter opp for kvarandre, jobbar hardt på trening og gir alt ute på banen. Når kampane skal avgjerast, er det eit lag som aldri gir seg og som alltid er villige til å kjempa for kvarandre

Gjennom dei siste åra har A-laget utvikla seg til å bli eit attraktivt miljø for spelarar frå heile regionen. Både bremnesingar og haugesundarar har valt å koma til Langevåg for å spela fotball saman med oss. Det seier mykje om miljøet som er bygd opp rundt laget.

Bak spelarane står eit engasjert støtteapparat og frivillige trenarar som legg ned utallige timar for å skapa gode opplevingar både på og utanfor banen. Dei sørgjer for at treningar og kampar blir noko spelarane ser fram til kvar veke.

Me er stolte av det laget har oppnådd så langt denne sesongen, men aller mest stolte av menneska som utgjer miljøet rundt A-laget. Resultata er viktige, men det er samhaldet, dugnadsånda og gleda ved å spela fotball saman som gjer dette til noko heilt spesielt.

Me ser fram til ein spennande haustsesong og håpar mange tek turen til Langevåg Idrettsplass for å støtta laget vidare.

Støtteapparatet:
Sigbjørn Strand, Audun Vold, Knut Roger Lønning og Rune Vold