Nytt samarbeid

In Fotball, Viktig info by Bømlo Idrettslag

Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag inngår nok eit samarbeid.

Denne gongen er det på seniornivå dei to klubbane skal samarbeide, nærare bestemt senior kvinner.

Finnås Sportsklubb vart hausten 2025 oppfordra av utøverer til å starte eit fotballag i senior kvinneklassen. I løpet av vinteren har dette modnast og Bømlo Idrettslag tok kontakt for å sjå om her var mogleg å samle kreftene for å få til eit lag som er best mogleg drivverdig gjennom heile sesongen.

Å samarbeide kan vera utfordrande over tid, men klubbane har allereie god erfaring med dette frå barne- og ungdomsfotballen, og har brukt tida fram til no på å utarbeide ein samarbeidsavtale som likestiller klubban så godt det lar seg gjere ut frå regelverket for sammensatte lag som vart kraftig innstrama frå 1. januar 2026.

15. januar kom det svar frå kretsen, og samarbeidet er godkjent for 2026-sesongen. 

Då det er spelarar frå ulike deler av Bømlo vil ein av logistikkmessige årsakar legge dei fleste treningane til Våge Idrettsplass. Seriekampar vil ein så langt råd er fordele mellom Våge og Langevåg idrettsplass, blant anna for å synleggjere sponsorar begge plassane, men og for å gje begge klubbane erfaring med å arrangere denne type kamp.

Laget er allereie i gong med trening for året, men har god plass til fleire utøverar. Meir informasjon om laget i denne lenka: https://sportsklubben.no/gruppeside-en/vare-aktivitetar/senior/a-lag-senior-kvinner?view=details

Det vert felles informasjonsmøte for både nye og eksisterande utøverar mandag 19. januar kl 18:30 i servicebygget til Finnås Sportsklubb.

Me gledar oss stort til å få oppleve fotballglede også på senior kvinnenivå på Våge og Langevåg idrettsplass den kommande sesongen.


Kontaktperson vedrørande pressemelding:

Øystein Våge
Styreleiar, Finnås Sportsklubb
tlf: 414 48 694  

Krister Vold 
Styreleiar, Bømlo Idrettslag
tlf: 908 49 481