Langevåg Sauna

In Langevåg Sauna, Viktig info by Bømlo Idrettslag

Langevåg Sauna er no på plass og klar til bruk, eit nytt og etterlengta tilskot til bygda og lokalsamfunnet i Langevåg.

Saunaen er etablert som eit lågterskeltilbod for både innbyggjarar og tilreisande, og skal vere ein stad for ro, helse og trivsel, året rundt. Enten ein kombinerer sauna med eit sjøbad, eller berre ønskjer varme og avkopling, håpar vi dette blir eit positivt samlingspunkt for mange.

Prosjektet er realisert gjennom stor frivillig innsats. Mange har bidrege med tid, kompetanse og engasjement over lang tid for å få dette til, og resultatet er eit tilbod vi er stolte av å kunne dele med bygda.

Vi oppmodar alle brukarar til å setje seg inn i gjeldande reglar og vise omsyn, slik at saunaen kan vere til glede for alle.

For booking: https://www.langevagsauna.no

Ved spørsmål eller behov for hjelp:
Rune Vold – 📞 481 47 409