Kva gjer du om nokon plutseleg fell om? Eller om eit barn set noko i halsen?
Slike situasjonar kan kome heilt uventa – og då er det kunnskap som kan gjere forskjellen.
Derfor inviterer Bømlo IL til førstehjelpskurs på klubbhuset onsdag 22. oktober kl. 18:00.
Denne kvelden får du lære enkle, men livsviktige grep av kurshaldarane Endre Lønning og Emil Eidesvik.
Kurset er ope for alle frå 7. klasse og oppover, frå ungdom til staurgamle.
Det er heilt gratis, men du må melde deg på.
Praktisk og lærerikt
Nyttig for både foreldre, besteforeldre, trenarar, frivillige – ja, eigentleg alle
Ein kveld som gjev både kunnskap og tryggleik du kan ta med deg vidare
Dato: 22. oktober
Stad: Klubbhuset
Tid: 18:00
Påmeldingsfrist: 20. oktober kl. 23:59
Meld deg på her: https://pameldinger.no/e/ybgxfu

