Fantastisk fotballdag for dei minste

In Arrangement, Cup, Fotball by Bømlo Idrettslag

Søndag var det liv og røre på Bømlo IL sin cup for dei minste. Sola skein, sjølv om vinden gjorde sitt for å utfordra både spelarar og publikum. Likevel var stemninga på topp, og det var herleg å sjå så mange glade barn som kosa seg med fotball.

Med heile 20 lag påmeldt vart det spelt 26 kampar med intens innsats og ekte idrettsglede. 3-er fotball skapte mange spanande situasjonar, og heiaropa ljoma rundt banene.

Ein stor takk til alle frivillige som stilte opp i kiosken og elles rundt arrangementet – dugnadsånda var heilt fantastisk! Dette vart ein flott dag for både små og store, og me gler oss allereie til neste cup.

Takk til alle som deltok og gjorde dagen minneverdig! ⚽💙