Bømlo Idrettslag er stolte over å kunne kunngjere at Napier AS, ei solid og framoverlent lokal bedrift, blir vår hovedsponsor frå 2025.
Napier AS har base i Langevåg og spesialiserer seg på bærekraftig transport av oppdrettsfisk langs heile norskekysten. Selskapet har utvikla seg til ein viktig aktør i sin bransje, og er eit eksempel på lokal kompetanse og innovasjon som har gjort seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt.
Støtta frå Napier er av stor betyding for oss. Den gir oss moglegheita til å vidareutvikle idrettslaget og skape endå fleire tilbod for barn og unge. Langevåg er ein plass med sterk dugnadsånd og engasjement, og denne avtalen bidrar til å sikre at idretten kan blomstre – frå dei yngste som tek sine første steg ut i aktivitet, til dei eldste som deltar for fellesskap og helse.


Bømlo Idrettslag og Napier deler viktige verdiar som fellesskap, meistring og berekraftig utvikling. Begge har eit ønske om å bygge eit sterkare lokalsamfunn der alle kan delta og bidra, og der nye moglegheiter kan skapast saman.
Vi ser fram til eit godt samarbeid med Napier AS, og er glade for at dei blir med på laget som ein viktig støttespelar for idretten og aktiviteten på Bømlo.