Bømlo Idrettslag har gleda av å dele ei rekke gode nyheiter som vil bidra til å styrke idretts- og fritidstilboda våre her på Bømlo.
- Langevåg Sauna-prosjektet har fått tildelt heile 1.030.000 kroner. Denne støtta gjer det mogleg å realisera planane våre om å byggje ein sauna ved sjøen i Langevåg – eit tiltak som vil fremje både trivsel og folkehelse for heile lokalsamfunnet. Prosjektet blir eit samarbeid med Bømlo Båtlag.
- Me har også fått 20.000 kroner til å oppgradere lysanlegget på idrettsbanen. Med denne oppgraderinga sikrar me gode treningsforhold året rundt for både små og store.
- Gjennom «Jenter vil meir»-kampanjen har me fått ytterlegare 20.000 kroner øyremerkt til tiltak som styrker satsinga vår på jentefotballen og bidreg til at fleire jenter får engasjere seg i idretten.
Me er svært takksame for denne støtta frå Sparebanken Vest, som gir oss moglegheita til å utvikle idrettslaget vidare og skape aktivitet og fellesskap for alle aldersgrupper på Bømlo.
Dette er ikkje berre ei investering i Bømlo Idrettslag, men i heile lokalsamfunnet vårt.