Helga 15.–17. november reiste A-laget til Stavanger for ei innhaldsrik og lærerik treningsleir full av aktivitet, samhald og teambuilding.
Fredag:
Me starta opphaldet med ei inspirerande treningsøkt på Vardaneset, leia av Eirik Jakobsen, tidlegare spelar for Viking og Bryne. Etter ei god økt samla me oss på hotellet for prisutdeling og pizza – ein kjekk avslutning på ein flott dag.
Laurdag:
Høgdepunktet for dagen var treningskamp mot Storhaug på Midjord. Me dominerte første omgang, men tapte til slutt 4–2. Likevel var kampen ei god gjennomkøyring og nyttig erfaring for laget. Etterpå var det tid for leik og aktivitet på Fun Center i Sandnes, der me fekk testa både ferdigheiter og samarbeid. Kvelden vart avslutta med ein god middag på Egon i Stavanger.
Turen styrka både samhaldet i laget og den sportslege utviklinga – ein vellukka treningsleir!
Her er link til filmen
https://fb.watch/w6LXwZSVix/
Takk til turens sponsorer:
Eidesvik
Me-To Regnskapskontoret
Kristoffers Snekkeri
Hadrian Maritime
Bømlo Bygg
Volds Bilpleie
Anton Eidesvik Minnefond
Eidesvik Havfiske
KRL Invest
Lønning Fiskeri