Finnås/Bømlo J14 Finnås/Bømlo J14 starta med ein etterlengta 4-0 siger over Orkanger, der Julia Eidesvik scora to mål, der Sandra Sivertsen og Alessia Matache òg kom på scoringslista. Neste kamp mot Greipstad IL enda med eit 3-1 tap, og kampen mot Staal-Jørpeland resulterte i eit 0-2 nederlag, som plasserte jentene på tredjeplass i si innleiande pulje. I B-sluttspelet vann J14-laget 5-2 mot Østsiden Askøy og kvalifiserte seg til semifinalen, der dei dessverre vart slått 3-0 av Austevoll. Me er stolte av jentene for innsatsen og lagånda deira gjennom heile turneringa.
Finnås/Bømlo G15 Finnås/Bømlo G15 starta Sør-Cup med ein spanande 2-1 siger over Vindbjart. Deretter imponerte dei med ein overtydande 7-0 siger mot Gimletroll. Laget møtte så ein tøff motstandar i Hønefoss og måtte tole eit 2-9 nederlag, trass i trufast støtte frå J14-laget. I åttandedelsfinalen i A-sluttspelet møtte gutane Randesund IL, som dessverre enda med eit 4-0 tap, og dermed var cupeventyret over for denne gong. Me takkar gutane for ein fantastisk innsats og god representasjon av klubbane.
Felles Opplevingar Begge laga viste fantastisk lagånd og støtta kvarandre både på og utanfor banen. Blant høgdepunkta var felles heiarop og support frå G15 under J14 sine kampar, og omvendt, samt ei hyggeleg pizzakveld der spelarar, støtteapparat, foreldre og sysken samla seg for å feire samhaldet. Det er denne typen samhald og idrettsglede som me arbeider for kvar einaste dag i klubbane. Å sjå gutane og jentene støtta kvarandre med liv, musikk, heiarop og supporterflagg, understreker verdien av å vera del av eit lag og eit fellesskap. Slike opplevingar skapar minner og byggjer sterke band mellom spelarane, noko som er like viktig som resultata på banen.
Me takkar alle spelarar, trenarar, støtteapparat og foreldre for ein fantastisk innsats og minnerike opplevingar på Sør-Cup 2024.
Takk til sponsorer og støttespelerar: Bømlo Bil A/S, Bømlo Maskin As, Napier as, Evik, Eidesvik, Joker Finnås, Kulleseidkanalen Gjestehamn, Promatech, Pedersen Maskinering As, Bømlo Skipsservice, Marine Profile As, MOON Media, Eidesvik Havfiske, Eidesvik Laks, Kristoffers Snekkeri, Hadrian Maritime