Informasjon om fritidskortet 2024

In Viktig info by Bømlo Idrettslag

Kommunestyret vedtok i desember at ordninga med Fritidskortet blir vidareført også i 2024. Dette er me kjempeglade for!

Alle barn og unge som er busette i Bømlo kommune og som fyller 11-15 år i 2024 har rett til opptil kr. 2000 gjennom Fritidskortet. Pengane kan brukast til å betale for ein fast, organisert fritidsaktivitet.

https://bomlo.aktiv-fritid.no/ eller via Appen Aktiv Fritid (telefon og nettbrett) kan de opprette brukar og søkje om tilskot. Til dei føresette som er ukjende med ordninga har me lagt inn god informasjon på Bømlo kommune si nettside: Fritidskortet – Bømlo kommune (bomlo.kommune.no)

I 2023 blei det brukt 463 kort (heilt eller delvis) og me håpar at enda fleire brukar kortet i 2024.
Me prøver å godkjenne søknadane innan ei veke og i tillegg tek det nokre dagar før utbetalinga skjer. For å få enda betre flyt i søknadane, treng me hjelp i frå dykk som føresette.

I fjor blei nær 60 søknadar avviste ved første forsøk. I størstedelen av desse sakene var det snakk om søknadar om refusjon der dokumentasjon mangla heilt eller delvis. Me ønskjer i første rekkje at kortet blir brukt til direkte overføring til lag og organisasjonar der aktiviteten finn stad, men er rekninga allereie er betalt når de kjem på at Fritidskortet kan brukast, er det heilt nødvendig å laste opp DOKUMENTASJON på KVA som skal betalast (td. idrettslag, fotballgruppa, treningsavgift) KVEN det blir betalt for (dokumentasjon på at rekninga gjeld Anna som er 12 år og ikkje broren Paul som er 17 og ikkje har rett til tilskot i Fritidskortet.

Når de søkjer. Utan dokumentasjon blir søknaden avvist og må leggjast inn på nytt saman med dokumentasjon for så å bli godkjend.

Uansett kor flinke de er og kor godt me prøver, blir det av og til krøll og då prøver me etter beste evne å ordne opp i det.

Ta konktakt på fritidskortet@bomlo.kommune.no og så ser me på kva nivå problemet kan løysast på. Me ønskjer eit godt år med mykje aktivitet og håpar at Fritidskortet kan vera med til å bidra til at barn

og unge i Bømlo kan vera endå litt meir aktive i året me no har starta på.

Beste helsing

Johanne Kristiansen
Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit