Tysdag kveld vart det arrangert felles fotballavslutning etter ein sesong med mykje fotball og enda meir idrettsglede. Pizza og pokalar er alltid ein slager blant barn og unge, og dei kosa seg denne kvelden. Men enda viktigare er det at dei kosa seg gjennom sesongen, og at dei har ei gruppe, ein tilhørighet og eit samhald der dei føler seg trygge. For det er under slike omgivelser vennskap, utvikling og idrettsglede blomstrer.
Me ser heilrøde drakter miksa saman med stripete drakter som gjenspeilar relasjonar og vennskap som stadig spirer mellom dei to samarbeidsklubbane Bømlo IL og Finnås Sportsklubb.
Tusen takk til trenere og oppmenn som gjer det mogleg å ha eit så enormt viktig aktivitetstilbod til barn og unge.