Samarbeidsavtale mellom Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag

In Fotball, Viktig info by Bømlo Idrettslag

Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag har i dag inngått ein historisk avtale om samarbeid i barnefotballen for 2022 sesongen. Dette er første gong det vert skrive ein avtale mellom to klubbar på Bømlo som omfattar samarbeid om heile den aldersfastsette fotballen.

Hensikten med avtalen er at Finnås Sportsklubb og Bømlo Idrettslag skal bestå som sjølvstendige klubbar med sine respektive medlemmer.

Avtalen omfattar samarbeid om lag, trenarar, dommerar og administrasjon i barnefotballen i dei respektive klubbane i 2022 sesongen.

Med ferdigstillelsen av søre delen av delprosjekt 14 Sakseid – Hestaneset i Bømlopakken er det no ein framifrå kommunikasjon mellom dei to bygdene som gjer eit slikt samarbeid enklare for alle partar.

Avtalen vil sikre at begge klubbane vil kunne oppretthalde eit godt og hensiktsmessig tilbod til alle som ynskjer å spele aldersfastsett fotball i dei to klubbane. Ein legg nivået slik at alle som ynskjer å delta får moglegheit til dette, samstundes som ein aktivt skal bidra til å også ivareta dei aller ivrigaste. Klubbane skal saman arbeide mot “flest mogeleg – lengst mogeleg – best mogleg.”

Me gledar oss stort til 2022 sesongen med masse god barnefotball på Våge Idrettsplass og Langevåg Idrettsplass.

Kontaktpersonar:

Finnås Sportsklubb – Hallgeir Goa Myhre – 91 64 32 48
Bømlo Idrettslag – Johnny Olson – 90 95 39 33