Ny samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo og Adidas

In Viktig info by Bømlo Idrettslag

Bømlo Idrettslag vil frå 01.01.2020 gå inn i ein samarbeidsavtale med Sport 1 Bømlo og Adidas.

Det vart ein profilendring i Bømlo IL, og alt av drakter, treningskler og anna sportsutstyr vil då bli varemerket Adidas. Sport 1 Bømlo blir vår forhandlar og tar seg av levering og sal av utstyr og produkt.

Me er svært fornøyd med den nye avtalen, som blir til fordel for både klubben og medlemmene i klubben. Adidas leverar utstyr som er av svært god kvalitet, samt eit design frå øvste hylle. Det vil bli ein eigen liten avdeling i butikken til Sport 1 Bømlo, der Bømlo ILs treningskler og andre produkt vil vere representert, og til sal for alle. Butikken finn du på HSD-senteret på Bremnes, og me oppfordre alle våre medlemmer til å handle her.
Medlemmer i Bømlo IL får 20% avslag på alt av Adidas-produkt. Dette gjeld allereie no før avtalen formelt trer i kraft.

Me i Bømlo IL ser fram til samarbeidet, og synst i tillegg det er flott å kunna vera med å støtta opp ei lokalt verksemd.

Styret i Bømlo IL