Bømlo – Trio : 3-6 (3-2)
Kjempegod førsteomgang.
Førsteomgangen er noko av det beste smågutt laget har spelt så lang i år. Me dominerte til tider og spelte kjempegod fotball. Me fekk kontroll på midbanen og var giftige i angrepa. Me leda 3-2 til pause etter skoringar av Sigurd, Benjamin og Arthur. Hadde stor tro på seier i pausen.
Andre omgangen fortsatte i samme spor som første. Me dominerte dei 10-15 første minuttene og hadde bla eit tverrliggerskot fra Vidar som kunne punktert kampen. Det såg ut som om me gjekk tomme for krefter etterkvart. Trio overtok gradvis midtbanen og det var fullt fortjent at dei utlikna til 3-3 midveis i omgangen. Herfra og inn fekk Trio gjere som dei ville og kjørte over oss. Både kondismessig og mentalt så avslutta me kampen midt i andre omgangen.