Norway Cup

In Cup, Fotball by Bømlo Idrettslag

Tap mot Hisøy i tredje kampen (7-0)

I dag møtte me eit kjempegodt lag. Dette laget vant pulja vår, mens me havna på tredje plass. Me klarte å kvalifisere oss til B-sluttspelet, og starter første cup kamp på torsdags morgon kl.09.

Hisøy var på hugget. På kvart einaste angrep så starta 3-4 spelarar på løp. Dei kom aleine med Mathias flere ganger. Dei vant også nesten alle dueller over heile linja. Me møtte rett og slett eit lag som var bedre enn oss. Me spelte også ein god kamp. Terje hadde eit frispark fra egen banehalvdel i tverrligger og Mathias redda ein straffe.