Tap for småguttene

In Fotball by Bømlo Idrettslag

Bømlo-Rosendal : 1-10

Me møtte i dag eit lag som me spelte jevnt med i perioder. Dei hadde ein spiss som var heil enorm. Tippa han skora 7-8 mål på egenhånd. I ein periode i første omgang så er banespelet likt, forskjellen er spissen deiras som skårer på nesten kvar sjanse.

Møkje av grunnen til dei store tapa me har er at me har ein miks av 13 og 14 åringar, mens dei andre laga stort sett klarer å stille reine 14 års lag, som allerede har spelt en sesong 11`er fotball. Trur at visst me helde motet oppe, så vil det utjevne seg på sikt.

Me er nok møkje bedre enn når sesongen starta i år. Det ser ut til at forsvaret begynner å få dreisen på offsidetaktikken, men det hjelper så lite mot så raske spisser som Rosendal har. Me er og flinkare å få laget ut etter at me har vunne ballen (spesielt i første omgang i dag).