Kamp 18. Bømlo-SkjoldarVats 2-3

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

27.10.08, Odd Skimmeland, 377 visninger

Punktum for 2008.

Seriekamp. 05.10.08. Bømlo – Skjoldar/Vats  2 – 3.

15 min             1-0      Roger S.         

26 min             2-0      Johnny

28 min             2-1     

36 min             2-2

61 min             2-3

Så var sesongen over. Med lite anna enn æra å spela for, så var det eigentleg godt å få satt punktum for 2008-sesongen. Alt i alt trur eg mange har hatt ei (uventa?) positiv oppleving denne sesongen, med mange fine oppturar, og faktisk jamn og fin framgong i mange av fotballens aspekt. Nedturane er heldigvis relativt lette å koma over, sjølv om nokre nok sit i litt lenger…. Trøsta skal vera at ME lærer meir av det enn dei som tilfeldigvis trakk det lengste strået DEN gongen!

Kampen denne kvelden kunne godt ha enda svært mykje betre, men den bar faktisk litt preg av at der ikkje var svært mykje å spela for. Allikevel var der ingenting å seia på innsatsen, og det var fart i kampen heilt til dommaren bles av. Då me etter 26 minutt leia 2-0, så skulle me nok bretta opp ermane enda litt for å nekta dei å koma inn att i kampen, men det var heller ikkje ufortjent at me måtte rusla i garderoben med 2-2. Roger S. fekk æra av å prikka inn det første, etter iherdig jobbing av Johnny, som får kjempa ballen inn att i feltet, og Johnny satte sjølv inn nr. 2.

Det eg kjem til å hugsa etter denne kampen er faktisk vinnarmålet til gjestene, som til fulle utnyttar kontringa si, der Ronnie haltar på eine sida, og Eirik har vært litt for høgt oppe på andre sida, så me har kun to stopparar tett i midten, og innlegget frå ei tom høgreside vert lagt perfekt over til tom venstreside, og avslutninga er utagbar for Krister! Nett som eg skulle regissert det sjølv… Neste år!!

Innsatsen denne kampen var heilt grei, og dei fleste ytte akkurat som eg ville og hadde forventa. Ein mann får poeng denne kampen, og det er grunna innsats, og at han nesten klarte å ordna poengdeling.

1 poeng; Johnny.