Kamp 17. Kolnes-Bømlo 5-1

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

01.10.08, Odd Skimmeland, 387 visninger

Uff å uff å uff.

Seriekamp. 26.09.08. Kolnes – Bømlo 5-1.

23  min            1-0

30 min             2-0

36 min             3-0     

40 min             3-1      Georg

61 min             4-1

65 min             5-1

Frå årets beste kamp, til årets dårligste, på ei veke! Til kampen mot Kolnes var det nok eingong litt tynt i rekkene, noko som nok gjenspegla seg i eindel av tinga som skjedde på bana, men alt i alt så vart dette ein kamp som berre ytterst få verkeleg tok på alvor. Kolnes har vel knappast teke poeng på hausten, og det var lett å sjå; eit lag godt over middagshøgda, med begrensa ferdigheiter både teknisk og taktisk, men med nok rutine og fysikk til å krusa inn til klar siger mot oss. Definitivt eit lag som me på ein normal dag skulle RUNDSPELA!!

Etter 14 min spel hadde dei ikkje vært inne i vår 16-meter, mens me hadde hatt 4 store, og 2 kjempestore sjansar. Når me ikkje skårar på slikt, så er det eigentleg å gi bort kampen!

Etter 23 min skårar dei etter hjørnespark, 7 min etter lobbar dei elegant inn 2-0 (faktisk eit av dei finare måla me har fått i trynet), og etter 36 står det 3-0. Etter 40 vert debutanten Frank nydeleg spelt gjennom, men keeper får fot på ballen, men Georg er på plass og bankar inn returen. Det vart det EINE høgdepunktet i kampen for vår del.

I andre omgong skårar dei to, og me ingen. Nok sagt!

Sjølv om kampen var tøff nok fysisk, så var dette allikevel noko av det dårlegaste og kjedelegaste eg har sett på lang tid. Av dei som spela, så skal gutespelarane ha ros for innsatsen. Kjartan er god i forsvar, Eirik spelar bra på midten, og både Georg og Roger spelar med halvskada bein. Endre spelar på trass av knesmerter som set han ute av stand til å springa, og endeleg får også Frank debuten. Berre synd han ikkje fekk målet med segJ

Geir er den einaste som spelar som om denne kampen er av betydning, og står på 100% kampen igjennom, og den innsatsen og innstillinga er berre å ta hatten av for!

1 poeng; Endre, Geir.