Kamp 13. Bømlo-Bremnes2 3-2

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Endeleg på rett kjøl

Seriekamp. 29.08.08. Bømlo – Bremnes 2  3 – 2.

10 min             0-1     

24 min             1-1      Torgeir

63 min             2-1      Torbjørn

74 min             2-2

84 min             3-2      Kenneth S.

Endeleg kom oppturen! Endeleg kunne me også telja opp mannskapet og settja isaman ein 11’ar som likna på det laget me spela med i delar av vårsesongen, og sjå at me også hadde spelarar på benken som kunne koma inn kor som helst på bana. Det gjer definitivt også noko med dei 11 som startar.

Å få bremnesingane på besøk er alltid litt spesielt. Som regel vil dette vera eit lag som har ei enorm rutine, og dei kan i sine beste stunder rundspela kva lag som helst i divisjonen. Å koma frå desse kampane med poeng har vist seg gong etter gong å vera vanskeleg, men endeleg skulle det tippa vår veg, og det HØGST fortjent.

Me har gjennom forsesong og første del av seriekampane vist at me er i stand til å spela svært bra fotball, og me har freista leggja opp til spelemønster som kan passa oss, som har fungert bra i periodar, og mindre bra i andre periodar. Denne kampen er den suverent beste eg har sett laget spela når det gjeld organisering og gjennomføring! Bremnesingane klarte aldri å knekkja koden, og kom til utruleg få sjansar, og dei var tydeleg stressa, samstundes som at me gong etter gong fekk sett igong svært flotte angrep med fart og presisjon. Berre uflaks (og LITT udyktighet)  gjorde at me ikkje punkterte kampen mykje før!

Kampen starta bra, men allereie etter 10 min får me kalddusjen, då spissen deira får slåss seg gjennom forsvaret, og set ballen hardt opp i sida til 0-1. dette skulle visa seg å vera den einaste sjansen dei kom til i første omgong! Me kom oss raskt igong igjen, og spela faktisk på oss ein sjølvtillit som det er lenge sia eg har sett. Etter 24 min sender Torgeir av gårde ei lompe mot mål frå 40 meter, og på forunderleg vis glepp keeper ballen, og den ramlar i mål bak han. Var vel eigentleg få bømlingar som såg ballen gå inn, då dei fleste var på veg mot eigen banehalvleikJ

Andre omgong var nesten 20 min gamal, når Torbjørn får slått til seg ein nydeleg ball frå dødlinja, og dryner den opp i motsatt side til 2-1. Bremnes har, etter oppskrifta, ballen mykje, men er svært sjeldan farlege. Kvarteret før slutt er dei på ein av dei få visittane, og me får plutseleg problem med å klarera, og etter noko klabb og babb får dei pirka ballen inn frå kloss hald. Var nok fleire som no tenkte at;”no skjer det igjen…..”. Ville vera så altfor typisk at me no skulle få enda ein i trynet, og nok ein gong tapa ein kamp der me faktisk er det klart beste laget. Men ikkje denne kvelden. Roger S. slåss bra nede på venstre sida, og får frispark rett utafor 16 m. Inne i feltet står Kenneth Sele og ventar, og når han stangar inn 3-2, så er det så rettvist så rettvist! Bremnes kjem til eit tverrliggjarskot i slutten, men me ror i land ein deilig siger etter ein fantastisk flott, hard, og spanande kamp, der dei alle saman skal ha kjempehonnør for innsatsen.

1 poeng; Espen H, Eivind G, Torgeir, Geir, Kenneth G, Rune

2 poeng; Kenneth S og Torbjørn

OS