15.09.08, Nils Petter Vespestad, 272 visninger
Bømlo LJ12 – Moster LJ12-2 4-3
Jobbeseier mot Moster
Me fekk litt å bryna oss på i dag, Moster kjempa lika iherdig som oss og spelet gjekk i bølgjer att og fram i da første kvarteret. Moster scora først og tok leiinga etter 16 min. Me kjempa og kjempa og klarte tilslutt å utlikne til 1-1 i siste speleminutt av første omgang. Då var Henriette på rett plass etter eit fint angrep av jentene.
Andre omgang va ikkje gammal før Henriette igjen scora og me leder 2-1. Moster tar litt over spelet etter dette og har fleire kjangsar til å score, men me står i mot til det er gått 7 min. av andre omgang. Då utliknar Moster til 2-2 og minuttet seinare scorar dei igjen og det står 2-3 til Moster. No må me verkeleg skjerpa oss, og me kjempar oss inn igjen i kampen, samspelet sitt litt betre og etter 12 min er det Elise som er på rett plass og puttar ballen i mål etter eit flott raid av Henriette ute på høyre side. No er me likt 3-3 og det blir vel spennande for ein stakkar på sielinjå. Kampen er veldig jamn, Moster pressar oss til tider og har fleire store kjangsar som keeperen vår reddar, men me har Henriette som tar ansvar og drar opp laget i fleire angrep som endar med målkjangsar til Bømlo, og i det siste speleminuttet er det Henriette som ordnar 4-3 etter nok eit raid oppover mot Moster sitt mål. Me vinn kampen 4-3 p.g.a att alle jobbar heile tia og gjev aldri opp. Ein femmer på terningen til alle saman. Kjempeflott J