24.09.08, Nils Petter Vespestad, 153 visninger
Bremnes LJ11 – Bømlo LJ12 0-4
Lillejentene i storform, nesten synd at sesongen er over J
1 omgang er 3 min. gammal når Kjersti krigar inn sitt første mål for dagen. Etter dette er det me som har ballen mest, og har mange store kjangsar til å score, men som litt ofte før i sesongen så blir det en del stang ut. Bremnes er frampå eit par gangar, men eit solid forsvar og ein god keeper ordna opp. Me går til pause med 1-0.
I andre omgang er me minst like gode som i første og etter 3 min. er det Henriette sin tur til å score etter eit fint oppbygd angrep. Me pressar Bremnes heile tida og etter 9 min. får me frispark litt ute på sida av ”16 ”meteren. Henriette set frisparket iskaldt i mål via stanga og me leder 3-0. Bremnes tar avspark og me snappar ballen med ein gong og går rett i angrep, Kjersti kjem seg fri og set inn sitt andre mål for dagen og me leder 4-0, då er det spelt i 10 min. Herifrå og inn har me full kontroll på kampen, Bremnes kjem til eit par skott mot mål, men Ingvill står som vanleg der og plukkar det som kjem. Utruleg god innsats i dag, me var først på nesten alt og samspillet var til tider strålande, ein femmer til alle på terningen i dag også J