Kamp 16. Bømlo- Ferk/Åkra 2-2

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

25.09.08, Odd Skimmeland, 212 visninger

Årets kamp!

Seriekamp. 29.08.08. Bømlo – Bremnes 2  3 – 2.

47 min             0-1     

54 min             1-1      Roger G.

67 min             2-1      Endre

75 min             2-2

Langt på veg den beste kampen me har spela i år!!!

Eit litt redusert bømlamannskap med eindel spelarar med NOKO spinkelt treningsgrunnlag, eit toppa Ferkingstad/Åkra-lag med mange røynde spelarar frå høgare divisjonar, samt ein Fitjar-dommar som la lista på det høgaste fysiske nivået eg har vært med på, var ingrediensane i den artigaste kampen eg har sett på lang, lang tid! Ei nykomponert forsvarsrekkje, og elles svært få spelarar på sine vande plassar, fann kjemien ufatteleg kjapt, og første omgong var prega av til tider svært godt spel, store sjansar, og taklingar som gav gjenlyd i fjellsida. At ingen av desse duellane utarta seg til styggare ting, og fleire kort, var ganske utruleg, men ei fantastisk fair og sportsleg innstilling frå begge laga gjorde denne kampen til STOR underhaldning. All honnør til alle som var med denne kvelden. At det står 0-0 til pause var rettferdig, sjølv om det burde stått 2-2. I pausa har me fokus på å koma igong igjen så raskt som mogeleg, og ikkje tulla det til. Som sist, så tok det 2 min! Og nok eingong slåss me oss inn i kampen og tek over, så det er høgst fortjent når Roger snurrar rundt på 16 meteren og skyt stang-inn til 1-1 etter 10 min. Kampen bølgjer fram og tilbake der me bytest på å angripa, men angripa deira stoppar hjå Endre, medan våre angrep vert mykje større sjansar av. At det er Kaizer Endre som slåss inn 2-1 etter hjørnespark er heilt naturleg, men der og då skulle me allereie hatt fleire ballar i kassa. Derfor er det sjukt irriterande når dommaren for EIN gongs skyld i kampen har lista på smågutenivå, i tillegg til at han ser situasjonen FEIL, og bles straffe når Geir spring side om side med F/Å-spelaren, som legg seg! 2-2 er eit resultat som står seg kampen ut, sjølv om me har plenty med store sjansar til å avgjera. Eit par gonger var eg sikker på at ballen gjekk inn, men det skulle den IKKJE.

Me har spela ein ufatteleg bra kamp, og me har samstundes gitt Rubbestadneset den matchballen dei treng for å kunne klara seg. Dei ligg 3 poeng bak F/Å, med betre målskilnad, og KAN kanskje klara seg på det. Utruleg god innsats frå HEILE gjengen gjer at eg bøyer meg i støvet.

1 poeng; Krister, Ronnie, Espen V, Torbjørn S, Eirik, Georg, Johnny, Roger G.

2 poeng; Endre, Mats, Geir, Kenneth S, Espen V.

Ein ekstra takk til Finnes-politiet, som i sin kamp mot Rubbestadneset berga Rubben frå å begå lovbrot, då dei gjev Stian Alvsvåg, som ikkje har fulgt SÅ godt med, beskjed om at han har karantene etter gult kort i forrige kamp, og at dei vil senda inn protest på lovbrotet dersom han spelar.

FLOTT, Finnes! Og gratulerar med opprykk.