Kamp 15. Finnes- Bømlo 4-1

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

25.09.08, Odd Skimmeland, 222 visninger

Årets mål x 2.

Seriekamp. 12.09.08. Finnes – Bømlo 4-1.

9  min              1-0

20 min             2-0

48 min             3-0     

68 min             3-1      Torgeir

77 min             4-1

Det var med litt skrekkblanda fryd me tok turen til Finnås denne dagen, då dei fleste hadde forrige kamp relativt friskt i minne. Samstundes var dei fleste klar over at det var eit tilnærma overnaturlege fenomen me var med på sist, og var klar over at dette var noko finnesingane heller aldri vil få gjennoppleva. Allikevel fekk mange ein deja-vu opplevelse når sjefsflaksaren skåra, som sist, på eit vis berre han kan, etter 9 min! Skotet treff eit bømlabein og får ein fysisk umogeleg skru og boge over Krister til 1-0. Det tek ikkje lang tid før me allikevel ser at me er fullt på høgd med denne gjengen, men me slit med å koma til dei store sjansane. Etter ca 20 min får dei frispark på 20 m. Eg har sett eindel fotball oppgjennom, men makan til frisparkmål har eg ALDRI sett. Å få den kula til å gå så hardt, så beint, og treffa så klin i motsatt vinkel at den smell i motsatt nettvegg, trudde eg nesten ikkje at eingong Harald skulle klara, men sjølvsagt gjer han det mot oss! Første omgong spelar me faktisk svært bra, med knallgod innsats over heile linja, men me produserar lite inn mot deira mål, og har fått to umogelege i trynet. I pausen er me heilt einige om at me skal ut og snu dette, og for all del unngå tullete baklengsmål. Det tek 2 minutt! Innlegget frå høgre er keepermat, men beskjeden kjem for seint, og Kenneth kjem seg ikkje vekk. Kollisjonen endar med at Kenneth og Krister ligg i ein halvvegs intim haug, medan ballen legg seg til rette føre einaste finnesingen i feltet, som truleg ler samstundes som han kippar ballen inn i tomt bur. Her KUNNE me tatt kveld, men hedigvis klarte me å koma inn i kampen igjen, og faktisk ta over store delar av kampen, men det er først etter rundt 70 min me skal klara å overlista Kristian i finnesburet, og når me gjer det, så gjer me det med stil! Etter flott spel framover, og fine kombinasjonar ned høgresida, legg Geir eit fantastisk innlegg som Torgeir i stor fart hiv seg fram på og stupskallar ballen opp i nærmaste vinkel frå 8 m hald. Truleg det flottaste målet, totalt sett, eg har sett oss skåra. Etter dette har Finnes eindel sjansar dei kanskje burde omgjort i teljande, men det blir med eit siste, så me taper kampen 4-1, men alt i alt er det eit resultat me ikkje skal vera så flaue over. Denne kvelden var det ikkje stor forskjel på laga, men dei har eit svært godt forsvar, og meir enn nok av den nødvendige flaksen ME ikkje har.

1 poeng; Kenneth S, Espen H, Torgeir, Geir, Torbjørn

2 poeng; Endre