07.09.08, Odd Skimmeland, 131 visninger
Deilig jobbesiger.
Seriekamp. 04.09.08. Rubbestadneset – Bømlo 1 – 2.
42 min 0-1 Kenneth G
44 min 0-2 Rune
47 min 1-2
6 poeng på dei siste to har hjulpe oss godt etter ein stygg start, og når det er naboane nord på øya som får på trynet, så smakar det litt ekstra godt. Rubbarane har hatt ein tragisk sesong, men me har vært klar over at dei har hatt marginar imot seg i mange kampar, så det var ingen grunn til å ta lett på det. Faktisk vart dette ein vansklegare kamp enn den forrige, mot bremnesingane. At me fekk folk heim også til denne kampen var fantastisk bra. Trur nok at det fakta at Rubb ikkje ville flytta kampen til fredag, ga eindel spelarar ekstra motivasjon både til å koma heim, og til å yta det litle ekstra! Slik sett smakte det svært godt å dra i land alle poenga!
Kampen starta litt rotete, men me tok ganske kjapt kommandoen, og køyrde over dei i store delar av første omgong. Gong etter gong er me svært nære å settja ballen inn, men det skal faktisk gå 42 min før skåringa kjem. Hjørnesparket frå Torbjørn er perfekt, og Kenneth G stangar ballen kontant inn. Berre to minutt etter har me hjørnespark frå andre sida, og denne gong er det Rune som får fulltreff, og 2-0.
Andre omgong kunne blitt ein stygg affære. Etter berre to minutt reduserar Rubben, og derifrå og ut er det faktisk rubbarane som styrer det aller meste. Me har meir enn nok med å forsvara oss, og er ved fleire høve rett heldige som unngår baklengsmål. Rett nok har me to enorme sjansar, den første der Rune kjem aleine med keeper, som reddar bra, og den andre der Espen Vold får springa heilt aleine frå eigen halvleik, og rundar til og med keeper, men ein enorm forsvarsjobb endar i takling tidelen før Espen får satt den inn… I sluttsekundane skulle me etter retten mista to poeng, men ei utruleg reaksjonsredning frå Krister berga desse òg.
At me vinn denne kampen er ein svært god prestasjon, spesielt teke i betraktning at me spelar andre omgong utan flyt, og med ryggen mot veggen i periodar. Rubben kjem til å hausta adskilleg fleire poeng i haust, og eg både vonar og trur at dei skal klara å berga plassen.
1 poeng; Krister, Kenneth S, Espen H, Eivind G, Torbjørn, Geir, Rune.