Kamp 12. Ølen-Bømlo 7-2.

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Rock bottom.

Seriekamp. 22.08.08. Ølen – Bømlo 7-2.

10 min 1-0

15 min             2-0

21 min             2-1      Roger G

32 min             3-1

37 min             4-1

42 min             5-1

53 min             5-2      Roger G

62 min             6-2

80 min             7-2

Og soga fortset i same spor…

Til Ølen reiste me inn med 12 mann, inkludert den gamle trenaren, og av 12 mann har me 3 keeprar… Heldigvis gjer dei 11 første alt dei kan for å fohindra den potensielle skandala å måtta settja trenaren innpå bana;-)

Dei 11 spelar faktisk ein god kamp ut frå føresetnadane, og det er berre organisatoriske ting som gjer at me ligg under med 4 mål til pause. Etter å ha korrigert dette i pausa kjem me ut som eit nytt lag, og skal etter spel og sjansar vinna denne omgongen med to mål, men i den stimen me er no, så er det ikkje meininga at ting skal løysa seg! Me er faktisk det beste laget i alle fasar i andre omgong, og det er ubesluttsomhet, uflaks, og litt udyktighet som hindrar oss i å skåra 4 mål! Når dei i løpet av kampen får med seg både eit sjølvmål, to straffar, og enda eit par mål me normalt SKAL hindra, så vert dette i sum den kampen der resultatet faktisk lyg mest om kampen av alle kampane me har spela til no.

Eg sa før me starta haustsesongen at den største faren me sto føre var den mentale. Det å starte på haustsesongen og vita at spelarstallen er såpass kraftig redusert, kan gjera svært mykje med trua på oss sjølve. Eg sa også eg ville vært svært nøgd med 6 poeng på dei 3 første kampane. Me enda opp med 0. Allikevel er eg ikkje heilt misnøgd! Sjølv om me på 9 dagar har hausta 0 poeng, skåra 4 mål, og sluppe inn 21, så er der mange ting i kvar kamp som seier at ting ikkje treng vera så gale som tala påstår. Det samspela laget er rive opp med rota, men me har spelarar som kjem inn og gjer kjempejobb der og då, og det som må til for at me i kampane frametter skal plukka poeng, er knalltøff organisering, og spelarar som gjer jobben dei er satt til.

Neste kamp vert mot Bremnes 2, eit lag Bømlo enda ikkje har slått. Dette er ein kjempesjans til å retta opp heile den traurige starten, og få skuta på rett kjøl igjen, og det har eg faktisk STOR tru på!1 poeng; Anders, Kjartan, Torbjørn, Andor, Geir og Roger.