Kamp 11. Skudenes-Bømlo 9-0.

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Tidenes raskaste kamp. Avgjort etter 4 min!

Seriekamp. 18.08.08. Skudenes – Bømlo 9-0.

0-4 min            3-0

12 min             4-0

38 min             5-0

2.omg              9-0

FOR ein fantastisk kamp!!! Me er berre nøydt til å innrømma at spelarsituasjonen skapar trøbbel for oss! Tryggheita i alt me føretek oss er borte vekk, og trua har nesten teke same vegen. Allikevel skal faktisk ALLE spelarane berømmast for å aldri la det knekkja vilja til å jobba! Framleis er det stå-på-vilja som rår, og me er der og bakkar kvarandre opp når det buttar imot. Dette VIL og SKAL betala seg på litt sikt!

Det vart ein merkeleg seanse i Skudenes. I tillegg til den allereie skrantne spelarsituasjonen, så får me på toppen to spelarar skada før kampen startar!! Med ein old-boys spelar i mål, og ein back-firar som aldri har spela saman slik før, så var det nesten litt usportslig av den raske spissen deira å utnytta dette så grovt som han gjorde! Etter 4 min hadde underteikna vært nær ballen 3 gonger. Alle gongane for å plukka ballen ut av nota. Aldri før har eg vært med på makan! At ein kamp er avgjort etter 4 min må vera ny rekord, for sjølv om me aldri ga opp, så var det ingen som verkeleg hadde trua på at dette kunne snuast.

At me resten av kampen slepp inn 6 mål til, er ingenting å sei noko på. Spelemessig kan me faktisk sei at dette ikkje var eit rettvist resultat, for me er godt på høgde med dei i store periodar, og kjem til ein god del sjansar som både kunne og burde gitt teljande resultat, men når sant skal seiast så var nok også dei ganske mykje nærmare 13-0 enn me var 9-1…..

Ein slik marerittstart på ein kamp øydelegg totalt resten av kampen, så det me presterar der nede er noko som skal fortrengjast så fort råd er, så sant me hugsar at når avspark er teke, så er faktisk kampen igong!!

Å få personlege poeng etter ein slik prestasjon skulle ein tru var umogeleg, men vilja til å stå på og aldri leggja seg ned, er rett imponerande til tider.

1 poeng går til; Eirik, Mats, Torbjørn og Andor.

2 poeng; Geir.