Kamp 10. Bømlo-Sveio 2-5

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Tung start!

Seriekamp. 14.08.08. Bømlo – Sveio 2-5.

1. min   1 – 0    Torgeir

25. min 1 – 1   

33. min 1 – 2   

67. min 1 – 3   

74. min 2 – 3    Torbjørn

87. min 2 – 4

91. min 2 – 5

Første kamp etter ferien må seiast å gå akkurat som mange hadde frykta, men når kampen var spela. var det mange som syntest at dette skulle me heilt klart ha unngått!! Sommarferien vart nok lang og lat for svært mange, og me hadde vel berre eit håp om at sveibuen hadde vært like late…

Nett no er det mange som stussar over korleis me skal klara å gjennomføra resten av sesongen. Ekstremt mange spelarar flyttar bort til Stavanger, Bergen og Trondheim, og korleis me skal kunne oppretthalda trykk både på trening og i kampane no, vert svært mykje opp til ungdomen vår. Vonaleg klarar me også å få lokka med eindel nye folk, slik at me kan mobilisera når me treng det.

Kampen mot Sveio fekk ei pangopning, då me rett etter avspark bryt ballen, og Torgeir får den på 25 meter og fyrer den over keeper til 1-0 etter 25 sekund!! Etter dette viser me meir og meir kva sommaren har gjort med oss, og fint lite av pasningar finn rette mannen. Allikevel er omgongen ganske jamnspela, men etter 25 og 33 minutt slår Sveio to identiske ballar inn mot Krister, der begge ligg midt i sola, og Krister er totalt blindebukk. Begge gongane stikk ein sveibu nokre hårtustar fram og endrar akkurat nok retning på ballen til at den seilar inn.

Andre omgong er også heilt jamn, heilt til Krister vert satt i trøbbel av eit farlegt tilbakespel, og me serverar dei 3-1. Berre minuttar før skulle me hatt 2-2, då Geir får klokkereint treff, og knallar ballen i stanga! Verkar som me ikkje heilt skal finna vegen ut av uføret enda!!

Etter halvtimen får me endeleg ein opptur, då Torbjørn gjer manns jobb, dreg ballen med seg i posisjon, og klinkar ballen i mål frå 20 meter. Svært bra! Men 3 min etter skåringa får Kenneth sitt andre gule, og me er 10 mot 11. Sjølv om me kjempar svært bra, og har òg sjansar til å utlikna, så raknar det heilt mot slutten, og kampen endar med eit svært surt 5-2 tap.

NOK ein gong opplever me også at sveibuen dreg på tur og drit seg LODDRETT ut frå sidelinja! Den oppførselen sveiotrenaren viser er ei lita skandale! Det er også ei tilbakemelding klubben skal få. Hjelper lite at spelarar kjem og unskylder vedkommande, for dette er totalt forkasteleg!

1 poeng går til: Kenneth G, Sivert, Torbjørn.

OS