Lillegjenter: Uavgjort mot Bremnes

In Fotball by Bømlo Idrettslag

Bømlo LJ12 – Bremnes LJ12 3-3

Bømlo LJ12 – Bremnes LJ12  3-3

Me hadde ikkje Eli med som keeper idag så Kjersti og Ingvild stod i mål kvar sin omgang og dei klarte seg kjempebra. Bømlo har overtaket i 1 omgang,men klarer ikkje å få ballen i mål. I siste speleminutt klarer Bremnes å scora og går til pause med 1-0 ledelse.

I 2 omgang er det Bremnes som styrer det meste, det blir 0-2 etter 15 min,og 0-3 etter 17min.Det såg ikkje så lyst ut for Bømlojentene, men rett etterpå fekk Henriette endeligt nettkjenning,og det blei eit flott mål, no har ho funne kor målet står, og scorer på nytt i da 23 speleminuttet og det står 2-3.No ligg me ett mål bak og det er 2 min. igjen å spela. Det blei verkeleg spennande og jubelen var stor når Henriette scora eit nytt flott mål i siste speleminutt og utlikna til 3-3. Eit godt resultat og kjempeinnsats av jentene nok ein gong. No gler me oss til heljå og Kiwicup, da blir kjekt. Møt opp på Bremnes og vær med i heiagjengen J