Kamp 9. Skjoldar/Vats-Bømlo 3-0

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Trist avslutning på vårsesongen.

Seriekamp. 12.06.08. Skjoldar/Vats – Bømlo 3-0.

7. min               1 – 0

28. min 2 – 0

75. min 3 – 0

Årets flauaste kamp! Nesten ikkje stort meir å sei om dette. Berre trist.

Ein ting er at me framleis kan leita etter unskyldningar i mannskapsmangel, men å spela ein slik kamp, og tapa for eit så dårleg lag, er rett og slett ikkje bra. Me taper for eit lag me er fullt på høgde med, men tabbar oss ut på alle tenkjelege måtar. Kommunikasjonssvikt, missar enkle pasningar, taper duellar, og er ikkje i stand til å skapa meir enn to gode sjansar i løpet av heile kampen, då MÅ me tapa.

Første målet er ein kardinalfeil i forsvar, der den eine trur den andre gjer jobben, og plutseleg har vertene både takka, bukka, og skåra. Etter dette skjer det aller meste mellom 16-metrane, der verken me eller dei er i stand til å produsera noko som helst, og slik me slurvar, så er det ufatteleg dårleg av dei å ikkje straffa oss. Nær halvtimen presterer dommaren det utrulege å vurdera ei takling som bevisst tilbakespel, så når Krister plukkar ballen, så får me indirekte frispark mot oss 8 meter frå mål. Skulle SVÆRT gjerne lest den rapporten frå observatøren!!!

Frisparket KLINER dei opp i motsatt vinkel! Faktisk eit kanonmål.

Andre omgong er lik den første, bortsett frå at dei produserar 3 sjansar, og skårar på ein av dei.

Kanskje like greitt at me tek ferie no, men det er trist å lesa denne tabellen heile sumaren. 3 sigrar, ein uavgjort, og 5 tap speglar ikkje det me har prestert i verken trening eller i dei fleste kampane. Men me har, enkelt og greitt, hatt for store problem med å skapa nok sjansar til å få teljande resultat. Nesten skyt ingen mann av hesten, trur eg nokon sa…

Haustsesongen kan verta ei enormt stor utfordring, då skremande mange nøkkelspelarar er på veg bort frå bygda, så no må me bruka sumaren til å herda dei yngre, og satsa på at dei kan fylla tomromma.

I denne kampen er det berre Krister som ikkje har påviselege feil, og Geir og Kenneth S er dei som jobbar iherdig nok til å vega opp feila sine, så at summen nett så vidt vert positiv nok til 1 poeng.