3 nydelege Bømlo-mål, og 2-2.
Seriekamp. 05.06.08. Bømlo – Kolnes 2-2.
17. min 0 – 1
29. min 0 – 2
44. min 2 – 1 Roger G.
65. min 2 – 2 Torbjørn V.
3 nydelege Bømlo-mål, men 2-2 og berre eitt poeng!
Etter fleire ganske frustrerande kampar hadde me no endeleg bra med folk å plukka av igjen, og allereie i garderoba var stemninga ei litt anna enn me har hatt i dei føregåande. Kolnes skal i utgangspunktet vera eit av dei sterke laga i pulja, men me får tru at både me og dei hadde ein svak dag på jobb, då det vart ein lite velspela kamp, men der me var det klart minst dårlege laget! Me har etterkvart gjort det til eit varemerke at me kjempar og står på uansett korleis stillinga er, så også i denne kampen. Innsatsen har vært fenomenalt bra heile sesongen, og uansett kva som skjer, ligg me under, så spelar me framleis som om me VEIT at dette skal me snu.
Etter ein fantastisk start på kampen, der me har 3 STORE sjansar før det har gått 10 min, så skårar Espen V eit kanonmål etter 17 min, heilt utagbart for Krister…. Etter litt unødvendig rot ute på kant, får dei slått eit hardt innlegg som ein hardt pressa Espen stupheadar opp i nettaket. Litt Riise-fakter, men det var fint lite anna å gjera. 12 min seinare misser me ballen nær midtstreken, igjen heilt unødvendig, og Kolnes går raka vegen opp og set inn til 0-2.
Fram til første skåringa har me spela svært frisk og fin fotball, og me kjem til fleire sjansar enn me har gjort på lenge, men etter måla hardnar kampen til, og det vert mykje kjemping og mindre fint spel. Trass dette er me er stort sett betre enn dei i dei fleste fasar av spelet. Rett før pause trillar Georg litt ball-i-hatt med Kolnes-forsvaret, dyttar ballen til Roger G, som med ei NYDELEG dragning kjem seg fri og set ballen i mål. To STRÅLANDE prestasjonar!!
Andre omgong fortset med harde tak. Sindre må takka for seg med ein liten hjerneskaking, og Geir vasar også litt rundt i ørska, men kjem seg såpass at han VIL inn og avgjera. Midtvegs i omgongen får Torbjørn ballen på midten, vrikkar litt med hofta, og dreg seg i posisjon til å dra til med venstra frå 25 meter, og ballen sit rimeleg klistra i vinkelen. Så langt, årets skåring!!! Dei siste 20 minuttane er me stort sett inne i eitt langt angrep, men det vil seg ikkje, og me har skåra 3 flotte mål, men blir snytt for 2 poeng.
Svært bra kjempa av alle mann, men ekstra kjekt å sjå Krister tilbake i buret, og flotte innhopp av Eirik og Espen V.
Kampen vart leia av Kjell Pedersen, og det er alt me bør seia om den saken.
1 poeng til; Krister, Torgeir, Geir, Torbjørn, Sindre, Georg og Espen V.