7. kamp. Åkra/Ferkingstad-Bømlo 5-2.

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

TUNGT tap.

Seriekamp. 29.05.08. Åkra/Ferkingstad – Bømlo 5-2.

27. min 1 – 0   

36. min 2 – 0   

38. min 3 – 0    .

44. min 4 – 0   

78. min 4 – 1    Torgeir

82. min 4 – 2    Sindre

85. min 5 – 2

Sjukaste kampen så langt i år!!!

Plutseleg var me inne i ei blindgate som er så mørk at me ikkje eingong ser kva som treff oss… Ikkje eingong etter ei veke er eg i stand til å forstå at det var DEI som vann denne kampen 5-2, og ikkje oss…

Kampen er open i heile første omgong, med oss som det førande laget i store delar, men i løpet av det siste kvarteret smell det 4 gongar, og dei har plutseleg tilsynelatande avgjort kampen. Det er ein rysta og hovudristande gjeng som ruslar i garderoba, og me kan knappast tru at ting er som dei er. Allikevel er tonen i garderoben at dette er me NØYDDT til å snu, og det er masser av tid å gjera det på. I andre omgong er det kun eitt lag på bana, og dei er knappast på vittjing hos Anders, men me slit kraftig med å få utteljing. Først når det er 12 min att, får me straffen som måtte til, og denne set Torgeir sikkert, utan å skada seg! 3 min seinare klinkar Sindre eit frispark inn, og no augnar me sjansen, men berre nokre minuttar etter får me spikeren, etter ein offside eg aldri har sett makan til! Einaste plausible forklaringa frå dommaren må her vera at han påberopar seg å ha vore sinnssjuk og utilregneleg i gjerningsøyeblikket!!

Dette tapet er faktisk surare enn Bremnes 2-tapet, då det er ein kamp me er overlegne i, i 70 min, og då skal me ikkje rota poeng bort som her. Me kan leita etter unskyldningar og forklaringar, men me får ikkje poeng for det. (Men vonaleg er den verste mannskapskrisa over no.)

EIN spelar var det som i hovudsak rana desse poenga frå oss, og det var Åkras Martin Andresen-kloning, Helge Tønnes Langåker. Måten han dominerar både fysisk, teknisk, taktisk og verbalt, skulle eg ynskja me kunne kopiert! FULL kontroll på både eige lag, vårt lag, dommar, og publikum, har han regien på heile kampen.

1 poeng går til; Espen H, Ole, Stein E, Geir, og Sindre.

2 poeng til Kenneth S.