6. kamp. Bømlo-Finnås 1-11!!!

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Tidenes grisebank!

Seriekamp. 22.05.08. Bømlo – Finnås 1-11!!!!!

5-13 min.         0-3

43 min.            1-5                  Roger G.

Pause               1-6

72 min. Raudt kort                  Kenneth G.

Slutt                 1-11

Ok. Reknar ikkje med eg er den einaste som slit med litt søvnproblem i natt… For kanskje fyrste gong har eg no vore med på ein kamp der resultatet faktisk fortel heile historia. Ikkje stort å leggja til eller trekkja ifrå.

Skambanka. Grisebanka. Rundspela. Avkledd. Ræ…… Audmjuka. Osb, osb…. Veit ikkje heilt korleis dette skal, eller kan, forklarast, men å freista BORTforklare det, vert berre patetisk. Me har fått ein lærepenge av dimensjonar, og eg håpar verkeleg at me veks litt på dette.

Skal innrømma at eg ALDRI såg denne koma. Før kampen visste me kva me skulle gjera, og eg freista prenta inn i oss at me ikkje ligg NOKO tilbake for dei i dugleikar. Dette utsagnet skal eg stå i skammekroken for ganske lenge!

Fyrste omgong verka meir surrealistisk enn noko anna! Me går til pause og ligg under med

1-6, og føler framleis ikkje at me er stort dårlegare enn dei…

Kampen er i realiteten avgjort etter 13 minutt, då dei har vært på vitjing 4 gongar, og skåra 3 mål. Det fyrste som slår meg er at dette laget jo må ha ein ufatteleg dyktig trenar, som verkeleg har fått sving på framtida for Finnås! Berre synd han ikkje fekk vera med og sjå fotballfilosofien sin slå ut i full blomst. Ei lita glime av håp om at me kan koma inn i det igjen, får me rett før pause, når Roger set inn eit flott mål, men berre for å ta bort den siste strima av håp, så set dei inn nr. 6 rett etter.

Finn-nesingane (togduan??) er berre totalt overlegne i alt dei føretek seg, både offensivt og defensivt,… pasningar, mottak, medtak, duellar, kombinasjonar og avslutningar, me ligg etter og mellom heile tida. Me tapar med 10 mål, men likevel meinar eg, faktisk, at me ikkje raknar. Me har faktisk ein formidabel innsats kampen gjennom, men i denne kampen møter me berre eit lag som får ting til å gli på ein måte eg ikkje før har sett i 5. div, og ALT stemmer for dei. At Anders er vår suverene bestemann seier også sitt!!

EIN spelar frå Finnås skal framhevast; det er fyrste gong eg ser Stian Larsen spela fotball, men på dette nivået er han den beste eg har sett! Om me spelar som gutar mot menn rundt på bana, så vert me lilleputtar når han har ballen, og jo fleire som samlar seg rundt han for å stoppa han, jo meir leikar han seg! Til tider grenselaust irriterande!

Andre omgong vert berre ein kamp med ryggen mot veggen. Me har bestemt oss for å visa at me ikkje let oss skubba på, og kampen hardnar litt. likevel er det ikkje mogeleg for oss denne kvelden å få tak på dei. Kenneth G får sitt andre gule midtvegs, og Kenneth S ville fått det om han fekk spela 5 min til. Der er MYKJE å læra av denne kampen, men av ting me helst ikkje skal læra av dei, så er det av luringen Idar, som sjølv når dei leiar 8-1 lever etter regelen om at det domaren ikkje ser, er lov. Når Sundgot kan…..

 Det skal noko til å rista denne audmjukinga av seg, og me kjem nok til å bli minna på dette frå tid til anna, men me skal gjera ALT me kan for å reisa oss kraftig, for gjennomgangsmelodien i garderoben er at SÅ dårlege ER me berre ikkje! Kan me læra av dette, så er det bra, og om dei får til å spela opp mot dette dei presterte no, i ein einaste kamp til, så skal eg gå til Helge Larsen og kjøpa meg finn-nesing-skjerf!!

Sjølv om innsatsen er høg over heile linja, så er det berre Anders som verkeleg får vist seg fram til poeng denne kvelden.