Endeleg poeng igjen!
Seriekamp. 19.05.08. Bømlo – Rubbestadneset 4-1.
13. min 1 – 0 Geir
30. min 1 – 1
43. min 2 – 1 Kenneth G.
52. min 3 – 1 Kenneth G.
84. min 4 – 1 Rune
Måndag fekk me endeleg rista av oss tapsrekkja, og det smakte ganske godt! Rubben har fått den verst tenkjelege starten i år, med 4 strake tap, og var nok svært innstilde på å starta poengsankinga denne kvelden. Litt spesielt både for meg, og dei, då me båe kjenner kvarandre litt for godt etter fleire år ilag….
Eg skulle eigentleg vært stornøgd og hoppande glad, men i denne situasjonen vart det nesten til at eg kjende medynk med dei, for dei slit verkeleg tungt. Når det er sagt, så skal det òg seiast at det dei presterer etter kampslutt, er DIREKTE pinleg, og det er deira yngste som fører seg mest vakse!
Kampen hadde eigentleg mykje likt kampbilete som tilsvarande kamp i Bømlo-cupen, men me var mykje meir vakne på kva me skulle passa på. Godt var det også å endeleg ha ein keeper igjen, og Anders leverte ein strålande kamp! Konsentrasjonen glippa bakover to gongar, men me vart kun straffa for ein av dei. Heldigvis. I medvinden i første omgong burde me nok ha satt meir enn 2 mål, men litt uflaks og litt slurv, + ein god rubbkeeper stoppa det.
Etter 13 min. kjem Roger G. fri i feltet til å skyta, og det gjer han så bra at keeper må gi retur, og der er Geir og plasserar den fint inn. Bra at dei to byter litt på rolleneJ
Etter halvtimen glipp det litt, og etter litt att og fram får unge, lovande Rune Kvernenes fot på ballen, og den går inn via tverrliggjar til 1-1. Nokre minuttar før pause får me hjørnespark, og på bakerste stig Kenneth G. opp og headar ballen NYDELEG bort i lengste hjørna!
Andre omgong ville me ha vind og sol i trynet, og førebudde oss på litt meir trykk frå Rubben, men når Roger G. tidleg i omgongen slår ein genial pasning tversover til Kenneth G, som klinkar inn sitt andre, så fekk me fin ro i rekkjene. Litt småampert vert det til tider, men det er som det skal vera, og eg er svært godt nøgd med måten me oppfører oss på, noko eg håpar rubbtrenaren ikkje er med eindel av sine!! 6 min. før slutt snappar Rune ei horribel tversoverpasning i deira forsvar, og går enkelt inn og set spikeren i kista.
No er det Finnås me skal konsentrera oss om, og eg trur ikkje motivasjonen kan verta høgare enn til denne kampen. Me manglar ein god del spelarar, men me har meir enn nok folk til å kunna tukta finnås/bremnesingane! Torgeir må ut i karantene etter litt mange gule kort, då han no fekk eit av dei merklegaste gule korta eg kan hugse. Då han kastar ballen til rubbspelaren som har fått frispark, snur denne seg litt bort, og dermed treff ballen han i hovudet. Ein bagatell som domaren KAN vurdera til gult kort, men som han LIKE godt kan oversjå. Det gule er greitt i så måte, men at eindel rubbspelarar skrik på RAUDT kort, synes eg for deira del er direkte pinleg og ynkelegt!! Men lykke til vidare alikavel, Rubben.
1 poeng denne kampen går til; Anders, Kenneth S, Kenneth G, Espen H og Rune.