Forhåpentlegvis siste kapittel av keeper-krisa.
Seriekamp. 13.05.08. Bremnes 2 – Bømlo 4-2.
25. min 1 – 0
27. min 1 – 1 Roger G.
35. min 2 – 1
65. min 3 – 1
70. min 3 – 2 Geir
78. min 4 – 2
Etter to strake sigrar, er me no godt nede på bakken igjen, etter to strake tap…
Tirsdag kveld var me på Bremnes, og sjølv om me veit så altfor godt kva som ventar oss, og kva me må gjera for å ta rotta på gamlingane, så er me allikevel ikkje gode nok til å fullføra jobben. Denne kvelden!
Ser me bak resultatet, så skal me allikevel ta med oss ein del positive ting. I motsetning til Ølen-kampen, så får me igong SPEL denne kvelden. I periodar er me faktisk gode, men me er ikkje verken heldige eller kvasse nok i siste delen av spelet. Me stiller til denne kampen med 24 spelarar!! Det seier seg sjølv at mange ikkje får prøva seg, men alle som ein er ein del av dette laget, og held me innstillinga me har vist til no også vidare, så skal me raskt inn på sporet igjen, og me treng ALLE. Som i sist kamp, er eg mektig imponert over at me aldri gir opp, og er positive heilt til kampen er over. Sjølvsagt måtte me få unge lovande Pedersen til å blåse igjen, og at me klarar å halda oss i skinnet heilt til slutt, er heilt fantastisk! Kun John Petter mista litt besinnelsen ein augneblink, og fekk det gule, etter NOK ein utruleg blundar frå Kjell….. Men som før sagt; Kjell står for over halvparten av underhaldninga i alle kampar han styrer!
Me håpar no at keeper-krisa er over for denne gong, då Anders er heime, og Krister nærmar seg klar igjen. Eg har ingen problem med å sjå at mitt innhopp i mål har kosta 3, 4, eller 6 poeng! Ikkje for at det har vært katastrofalt dårleg bakerst, berre litt, men å ikkje kunna styra ting frå sidelinja, er eit enormt hemsko!!
Om kampen er det ikkje så mykje meir å sei enn at me tapar for rutine og fysikk, og ein MASSE tjuvtriks som ingen dommar kan få tak i!! Dei har spelarar som kunne vært forfattarar for tjuvtriksboka, og det er faktisk berre til å bøya seg i støvet, og la seg imponera!! Når Sindre, med 7.0 på 60m ikkje kjem forbi eldste-Kvarven (som har 13.0) ein einaste gong, så får eg lyst å hyra Kvarven inn for å lera frå seg eindel ting! Det hadde faktisk kunna blitt ei svært både morosam og lererik øktJ
Me startar kampen ganske bra, men ser at dei har ein kontroll, ro, og eit overblikk når dei har ballen, som me enda berre kan drøyma om. Når dei i tillegg har to unge og raske spissar å settja igong, så vert det fort problem. Allikevel klarar me å halda såpass med trykk oppe, at me er heilt jamnspelt i 1. omg. 2 små feil heile omgongen gjer at me utuleg nok ligg under med 2-1 til pause. Ein stygg markeringsfeil på ein corner, og eit lite uoppmerksamt øyeblikk som endar med ein fin lobb over stakkar gamle mannen i mål gjev dei 2 altfor enkle mål. I mellom desse har Geir på genialt vis etter frispark lagt att ballen med baksida av leggen, til Roger, som feiar ballen i mål.
Andre omgong er noko opnare enn første, med mange fleire store sjansar på begge sider. Dei får 3-1 etter ei gjennomløping og skot, som keeper BURDE klart å få handa på. Heldigvis har han MANGE gode unskyldningar….
Ikkje lenge etter gjer Geir det aller meste sjølv, og etter nokre fine kombinasjonar dreg han seg fri, og knallar ballen opp i nærmaste vinkel frå 18 meters hald. Kvarteret før slutt får Bremnes straffe, og set den enkelt til 4-2. Punktum finale.
No ventar to nye cupfinalar i rask rekkefølgje!! Rubben på måndag, og Finnås på torsdag, og begge kampane på heimebane. Med klaff her, så har me gode sjansar til å reisa oss kraftig! I mine auger er begge kampane tøffe, sjølv om det på papiret ser enklast ut på måndag, men det er her me ikkje må la oss lura!!
Sjølv om der er svært god innsats over heile linja denne kampen, så er det nokre prestasjonar som skal framhevast litt ekstra:
1 poeng går til John Petter
2 poeng til Geir.