A-laget har vært på treningstur.
Treningstur til Bryne 4 -6. april 2008.
Fredag 4. april reiste Bømlo a-lag sørover for treningshelg i Bryne. Vèl heime trur eg absolutt alle vil vera einige i at dette var ei fantastisk flott helg på alle måtar!
19 spelarar og 4 leiarar kom til Bryne kl. 7 fredag kveld, og sjekka inn på Jæren Hotell. Kvart over 8 kom Bjarne Lodden til hotellet, og viste oss vegen fram til banen til Rosseland IL. Frå halv 9 til kl.10 var det fullt trykk, med Bjarne som trenar. Det var ganske mange som lurte på kven Bjarne er, og dialekten røpa liteJ Likevel skjøna dei fort at dette var ein som kunne fotball!! Veldig kjekt at han ville vera med, og han satte fingen på ganske mange ting som me både er gode på, og ting me ikkje er ikkje fullt så gode på…
Ein trøytt og nøgd gjeng fann roen ganske tidleg den kvelden.
Etter ein god frukost var me klare på bana kl. 09.00 neste morgon, og med tanke på kamp seinare på dagen tok me det ganske roleg, men fekk enda ei god økt fram til kl.10.30.
Halv 1 hadde me eit spelarmøte der me tok opp mange ting både generelt, om opplegg fram til no og vidare i sesongen, og spesielt, retta mot kampen mot ein anteke klart sterkare motstandar, Rosseland IL frå 4. div. Så langt har ting fungert såpass bra at der er lite å gå inn og ”retta” på enda, men me er svært spende på seriestarten, for å få svaret på om dette er så bra som me trur, og håpar.
Kl. 15.00 starta me kampen mot Rosseland, eit lag som består av fleire gamle Bryne-spelarar, ikrydra mange unge spelarar som enda ikkje er funne gode nok til, blant anna, juniorlaget til Bryne. Etter ein svært god kamp innsatsmessig, med enormt med sjansar begge veier, taper me kampen 3-2, men dette er eit resultat me i grunnen er svært godt nøgd med!
Sjå kampreferat Rosseland.
Etter kampen reiste Torbjørn S. nordover igjen, og tok med seg dei yngste spelarane. Andreas har vært uheldig med skade, men Roger S, Georg og Sivert har fått med to gode treningsøkter, og ei knallgod kampgjennomkøyring.
Laurdag kveld var satt av til sosialt samvær, og me bestemde oss for å reisa samla inn til Sandnes. Etter kampen var det avslapping og matinntak, mens me fulgte både engelsk, italiensk, og norsk fotball på tv. Brann hadde ein god dag på jobben, noko som var litt tungt å svelgja for nokre, men lettare for andre (ROTFL J). Seinare tok me taxi inn til Sandnes, og var stort sett samla heile gjengen heile kvelden. Trass i at ryktene seier at dette er ein gjeng som kan ”ta av”, så var det ein fantastisk fin kveld, der INGEN tabbar seg ut på nokon måte, men sjølvsagt; ”what happens in Sandnes, stays in Sandnes”!! 😉
(Men korleis Geir kjem seg heim utan å ha fått ein kilevink, slik han eglar, er for mange totalt uforståeleg J)
Etter ein knallgod frukost søndag morgon, er ALLE klar for ny treningsøkt kl. 11. Litt rustne, og litt engstelige for heade-treninga, er me likevel i godt nok slag til at me gjennomfører nok ei grei økt, og når hensikta med økta i hovudsak var å restituera kroppen på alle måtar, så var det ganske bra. Bjarne Lodden var nok ikkje så VELDIG imponert over avslutningsferdigheitane denne morgonen, men det får stå sin prøve. Straffesparkkonkurransen var jamn, men då Torgeir er den einaste som bommar, så er jo resultatet gitt.
Alt i alt har me hatt ein svært vellukka tur, der det meste har gått heilt på skinner. Til og med vèret viste oss stor velvilje. MANGE trøytte og støle bein har gjort seg vèl fortent til ein mandag med treningsfri etter 5 treningsøkter og 1 kamp på 5 dagar. Einaste eg kan settja fingen litt på, kan vera kosthaldet!! Stablane med Dollykartongar og haugane med sjokoladepapir inne på nokre av romma fortel vel litt om kva divisjon me spelar i…. J
Ein STOR takk til heile gjengen for turen, og spesielt til dei som har organisert alt saman, med Geir, Kenneth S, Torgeir, Nils Peder og Bjarne Lodden i spissen, i tillegg til oppmenna Bjarne og Audun! Håpar stemninga er der for å gjenta dette, og at eg får sjansen til å vera med ein gong til!! J