Treningskamp Rosseland

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Kamp mot Rosseland, laurdag 5. april.

Treningskamp 05.04.08. Rosseland – Bømlo 3-2.

29 min. 0-1      Torbjørn V.

35 min. 1-1

67 min. 1-2      Rune V.

71 min. 2-2

80 min. 3-2

Siste treningskampen vår før alvoret startar med Bømlo-cup, vart spelt mot Rosseland, på Bryne. Rosseland spelar i 4.div. men rykka ned frå 3. for ikkje så lenge sia (litt usikker derJ). Laget består av fleire gamle Bryne-spelarar, og ein god del yngre karar som ikkje klarte (enda…?) å spela seg inn i Brynetroppen. Laget var ganske ujamnt, der angrepet heldt god 3. div. standard, med eindel spelarar med utruleg god teknikk, mens forsvaret var av middels 5.div. klasse. Dette førte til at det vart ein kamp med ekstremt mange sjansar, og 7-5 ville spegla kampen mykje betre.

Som vanleg startar me med lua i handa, høflege og kjekke som me er, og inviterar dei inn for å skåra på oss gong etter gong dei fyrste 25 minuttane. Rett skal vera rett; dei spela knallgod angrepsfotball i store periodar, og var det ikkje for Krister, så ville me lege under med 4 mål til pause!! Derfor er det ganske ekstremt mot spelets gong at Torbjørn utnyttar ein tabbe av deira keeper etter 29 min, og løftar ballen i mål. Etter dette vaknar me verkeleg til, og byrjar spela god fotball me òg. Etter 35 min treff endeleg dei også, etter nok eit mønsterangrep. Dei spelar seg flott ned på vår høgre side, legg ballen ut i 45, og dryner ballen inn. Dette òg faktisk mot spelet, for no er det me som er best.

Andre omgong startar me som me avslutta fyrste, med klart overtak, og me spelar oss til mange store sjansar, inkludert eindel som mange framleis lurar på korleis det var mogeleg å ikkje skåre på….  Tverrliggjarskot, skot i nettvegg, og fleire bommar på ope mål bekreftar noko av det Bjarne Lodden peika på etter treningsøkta fredag kveld….

Etter 22 min av andre omgong er det fullt fortjent at Rune får runda keeper, og settja ballen i mål frå svært skrå vinkel, etter å ha blitt nydeleg frispela inn i feltet. Herifrå og ut dett me litt ned, og tenkjer at dersom me forsvarar oss godt no, så kan me faktisk vinna kampen…

4 min seinare er det litt møljefotball inne i vår 16-meter, og plutseleg er ballen blitt klistra opp i motsatt vinkel, ut av noko som ikkje virka som veldig farleg. Framleis spelar me heilt jamnt med dei, men 10 min før slutt får me ei ny mølje på 5-meteren vår, og på fjerde forsøket får ein Rosseland-spelar beina ballen opp i nettaket. Me tapar 3-2, men me skal vera godt nøgde med både kampen og resultatet. I 20 min er me dårlege, i 35 min er me svært gode, mens me spelar jamnt med dei i resten! Stor opphoping av treningar skal forklara litt av dei tunge beina mot slutten, men det einaste som bekymrar litt er at det skal ta så lang tid før me kjem igong med kampen. Her ligg arbeidsoppgåvene fram mot alvoret!

1 poeng går til; Kenneth S, Eivind, Geir, Torgeir, Torbjørn, Rune og John Petter.

2 poeng til Krister.

http://www.rosselandbk.no/index.php