Første seriekamp. Bømlo – Skudenes 4-1

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Endeleg igong!!!

Seriekamp. 18.04.08. Bømlo – Skudenes 4-1.

35. min 0 – 1

51. min 1 – 1    Torgeir

75. min 2 – 1    Sindre

86. min 3 – 1    Roger G.

90. min 4 – 1    Johnny

Første seriekamp vart spela fredag kveld, og FOR ein kamp det vart! Makan til innhaldsrik kamp kan eg ikkje hugsa å ha sett. I farten er det berre straffe og sjølvmål eg kjem på mangla i kampen, ellers hadde den alt! Det eg helst skulle teke bort, er skaden til Krister. Å mista den einaste spelaren me IKKJE kunne mista, etter berre 7 minutt, var eit kraftig slag, men måten resten av gjengen reiste seg på, var MEISTERLEG!! Krister vert borte i minst 3 veker, men som erstattar har me no fått signaturen til eit ungt og lovande keepertalent frå Moster, som kanskje kan vikariera ei stund….

Etter nøyaktig 3 månader med førebuingar var me endeleg klar til å finna ut om me har gjort noko rett i denne tida. Skudenes kom ned frå 4.div, og har gått ut og sagt dei skal rett opp igjen, og at dei skulle springa oss i senk…. Kven som sprang kven i senk, var ikkje så vanskeleg å bedømma! J

Allereie frå start såg det ut som at me verkeleg hadde bestemt oss for å visa kva me kan. Pasningane satt bra, og aggresiviteten i gjenvinningsfasa var enorm. Gjennom heile kampen var der ein tone og disiplin som var, rett fram, imponerande. Då Krister vart liggjande, kunne me fort dette ned, men når Kenneth S. steppar inn på den måten han gjer, så er det jo ikkje noko problem. Dommaren denne kampen er eit lite kapittel for seg, men at me vinn kampen gjer det lettare å gløyma eindel av tinga han gjer.

Første omgong er noko av det beste me har vist, men to gonger glipp konsentrasjonen, og etter 35 min. fører dette til eit grusomt irriterande baklengsmål, der dei slår ballen i stanga, før same spelar er først på returen og pirkar den inn.

I pausen nullstiller me, og om første omgong var bra, så vart andre omgong eit fyrverkeri! Etter 6 min. får me frispark ute til høgre, som Rune dyttar bort til Torgeir, som kontrollert set ballen inn ved nærmaste stolpe til 1-1. Etter skåringa startar me å spela ball på ein måte eg ikkje har sett tidlegare. Torgeir er totalt sjef på midten, og distribuerar kremballar rundt seg heile tida. Sindre jobbar enormt, og set fart med ball som får alle dei andre (oss sjølve inkludert…) til å sjå ut som me går i langsom kino, og Geir er berre enorm i både den defensive og offensive delen.

Etter halvtimen får me frispark ute på venstre sida, og Rune set den så hardt på keeper, at han mister, og Sindre er på returen, og 2-1. Nokre minutt seinare er Geir på farten, og har gått gjennom alt når han vert teken av bakerste mann. Frispark, og heilt korrekt raudt kort! Frisparket vert det ingenting utav. Etter 41 min. vert ballen slått ut på høgre kant, der me no alle veit at Georg er i perfekt posisjon heile tida, og han slår eit like perfekt innlegg som går heilt bak til Roger G, som igjen får knalltreff, og ballen susar inn til 3-1. Like etter er Geir plutseleg heilt gjennom, men skuddet stryk tverrliggjar på feil side. Nett på overtid får Georg på nytt ballen der han skal ha den, på nytt slår han eit perfekt innlegg, og Johnny headar inn til 4-1!!

3 poeng, og ei fantastisk opning på sesongen! Dersom me klarar å gjenskapa denne innstillinga og innsatsen i kampane frametter, så skal me overraska nokon og einkvar. Denne kampen viser at det bur mykje fotball i gjengen, og dette skal me foredla vidare!!

I denne kampen Får absolutt alle eitt poeng, inkludert dei ubenytta reservane, som også er ein svært viktig del av gjengen, og desse vert enda meir nyttige etter kvart. (når eg tenkjer meg litt om, så tar eg pinadø eitt poeng sjølv òg J)

2 poeng går til Torgeir, Sindre og Geir.