Siste sprett før alvoret startar.
Sunnhordland Hotel-cup 11-12 april, 2008.
Fredag 11. april. Bømlo- Rubbestadneset 2-3.
33 min. 0-1
43 min. 0-2
49 min. 0-3
34 min. 1-3 Geir
36 min. 2-3 Roger G.
Fredag spelde me mot gamleklubben min, Rubbestadneset, og presterte den mest begredelege kampen eg har sett på lenge. Laget Rubben stillde med er den tynnaste utgåva eg har sett, og i praksis spelde me mot EIN mann! Til gjengjeld så gjorde han NETT som han ville, og i periodar så trilla han ball-i-hatt med oss….
Me har full kontroll på kampen den første halvtimen, men det kunne nesten verka som om me brukte dei første 5 minuttane til å finna ut kor dårlege Rubben var, for så å slakka av, og tru at her seglar me til finale utan å slita oss ut! Etter 33 min. ruslar Stian Alvsvåg gjennom forsvaret vårt, som står heilt stille med henda i vèret og skrik på offside. Han trillar ballen roleg i mål til 0-1. 10 min etter leikar same guten seg med heile forsvaret vårt, og legg ein ferdigskåra ball inn føre mål, og 0-2. At dette er dei einaste gongane dei er på vitjing inne i vår 16-meter betyr lite.
I pausen har me bestemt oss for å skjerpa alvorleg, men det tek berre 4 min før Stian igjen gjer narr av alle i forsvaret, og legg ein like ferdigskåra ball inn, og 0-3. No verkar det som me vaknar litt, og trykkjer litt meir på. Dei siste 20 min. spesielt, var det kun eitt lag på bana, men lite stemde føre mål. Utteljing får me ikkje før det er 10 min igjen, då Geir knallar til frå 20 meter, og ballen går inn nede i hjørnet. 2 min etter stussar Roger G ein lang ball fram forbi unge lovande Røsland i Rubb-målet, til 2-3, og det er kamp igjen. Dei siste minuttane er eg heilt sikker på at me får målet me treng, men ballen skal berre ikkje inn, og jumbofinale ventar på lørdagL
Sjølv om dette var ein fadese som dei aller fleste var flaue over å ha vært med på, så er det nokre få positive ting å ta med herifrå også. Faktisk!! Det at me ikkje startar å missa motet sjølv om det ikkje går vegen, er svært bra. Tendens til mismot og skitslenging i ein 3-min. periode, men me henta oss sterkt inn. Dei siste 20 minuttane var me gode! Med Espen H og Geir sentralt, så vart det total kontroll på midten, og med LITT heldigare løp og gjennombrotspasningar, så SKULLE me ha skåra nye 3 mål på slutten!!
1 poeng til Espen H, Geir, og Ole.
Laurdag 12. april. Bømlo – Bremnes jr. 5 -4.
4 min. 1-0 Espen H
10 min. 2-0 Kenneth S.
17 min. 3-0 Geir V.
23 min. 3-1
36 min. 3-2
67 min. 4-2 Torgeir str.
71 min. 5-2 Rune V. str.
77 min. 5-3
80 min. 5-4
Jumbofinale mot eit reint juniorlag kunne fort blitt ein pinleg affære, då begge deler kan vera utfordringar for motivasjonen. Heldigvis var det ein revansjesugen gjeng som entra bana, og dei første 20 minuttane var svært, svært bra. I tillegg til at me spelar bra, så får me faktisk utteljing!! I rask rekkefølgje klinkar Espen inn det første, Kenneth stupheadar inn nr. 2 etter corner, og Geir smell inn det tredje. Fantastisk kjekt å sjå at ting stemmer! Etter 3-0 gjer me tabben, og dett litt tilbake, og plutseleg får juniorane tid og rom til å trilla ball og springa….
Etter 23 min. taper Krister ein løpsduell med vingen deira, som får tuppa ballen forbi, og set ballen stang inn frå spissen av 16-meteren, og etter 36 står det plutseleg 3-2!
I pausen er det brei einighet om at me må ta skikkeleg tak igjen. Gjennom både fredagskampen og denne førsteomgongen ser me kor utruleg enkle me er å straffa når konsentrasjonen dett. Spelet er meir solid når me startar, og me trykkjer ganske bra på. Etter 22 og 26 av andre omgong får me to heilt klare straffar. Torgeir set den første, og skadar seg i same slengen!?! Rune set nr. 2, og alt ser heilt greitt ut. Rokeringar vert gjort dei siste minuttane, men me har framleis grei kontroll. Etter 32 skårar juniorane eit flott mål etter corner, og berre 3 min seinare står det plutseleg 5-4, etter at Anders har slått ein lang lobb i stanga, som deretter legg seg på 5-meteren, og junioren er HEILT aleine til å breidside ballen i mål. Anders er faktisk oppe att, og får nesten handa på den, noko som ville vært ein fantastisk prestasjon. Kor resten av forsvaret var, veit underteikna ingenting om….
Det kunne blitt litt stress no, men med Espen H som sjef i forsvaret, var det full kontroll, og om det skulle bli fleire mål, så var det me som skulle hatt dei.
Kjekt også å sjå at det er liv i Espen Vold, og håpar han kan få lysten tilbake til å trø til litt meir!
Relativt grei kamp, men me SKAL slå dette juniorlaget med fleire mål enn dette. Så lenge midtbana med Espen H og Geir held max trykk, og Torgeir igjen er sjef, så er dei sjanselause, og når me slakkar litt av, så får me på trynet. Dette er lærdom å ta med oss inn i seriestarten om nokre få dagar!!
Og grattis til gutelaget som KNUSTE Stord 10-5!
1 poeng; Kenneth S, Torgeir, John Petter, Espen H og Geir.