Andre seriekamp. Sveio- Bømlo 1-3.

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Og gutane fortset å imponera!

Seriekamp. 25.04.08. Sveio – Bømlo 1-3.

1. min              0 – 1    Roger G.

28. min 0 – 2    Torgeir (str.)

33. min 1 – 2   

89. min 1 – 3    Rune

2 seriekampar, 6 poeng. Kan ikkje sei anna enn at dette er ein knallstart, men eg føler på ingen måte at dette er tilfeldig. Me har no vunne to kampar av totalt forskjellig karakter. Første kampen var prega av at me spela svært bra fotball gjennom heile kampen, og fekk betalt for det, mens denne kampen stort sett var knallhard jobbing, uten at me eigentleg får til å spela særleg god fotball, men resultatet vart fullt fortjente 3 poeng. At me ikkje får spelet til å gli skikkeleg kan nok eit uvant underlag ta litt av skylda for, men bana var bra, og me kjem til å spela på adskilleg dårlegare grasmatter seinare, og resepta på dei alle er enkel, og denne må me berre vera innstillde på; knallhard jobbing i 90­­ min. pluss litt til, og positivitet heile vegen!!

Kampen starta heilt perfekt i Sveio, då Geir sklir gjennom forsvaret deira før det er spelt eitt minutt. Aleine med keeper set han skotet i keeper, men får hovudet på returen, og ballen dalar over keeper og inn mot streken. Der er sjølvsagt Roger G. og krigar ballen over streken til

1-0.

Sjølv om Sveio er farleg frampå til tider, så har me god kontroll fram til 28 min, då Roger G går over ende i feltet, og dommaren gir oss straffe. Denne set Torgeir ”trygt” inn via stanga til 2-0. Nokre minutt etter, reduserar Sveio etter eit flott innlegg og meget smart løp inn på bakerste stolpe, og Anders er totalt sjanselaus. Anders spela for øvrig ein svært god kamp, og har ein stor del av æra for resultatet!

Andre omgong vart me i periodar litt overkjørt, der dei slår langt, og me vert halsande litt etter. Eindel av innlegga dei slår er millimetrar frå å enda i nota, men kombinasjonen av uflaks og udyktighet frå dei, kombinert med fenomenal jobbing i forsvar frå oss, gjer at me ror oss ut av den verste perioden utan baklengsmål. Denne omgongen vart, som også delar av fyrste, skjemma av svært mange stygge etterslengar, som dommar BURDE vært tøffare å slå ned på. I tillegg har dei ein svært umoden og usportsleg lagleiar på sidelinja!! At Sveio vil vera bekjent av å ha ein slik, tilsynelatande vaksen, person på sida, får stå for deira rekning, men dei skal vita at folk merkar seg slikt.

Siste kvarteret er det me som er klart farlegast, men me må venta lenge før Rune plutseleg kjem aleine mot keeper, og knallar ballen i nota. Utfrå arbeidet me legg ned, var dette ein fortjent siger, men den sat langt inne. Me skal innrømma at om dei hadde hatt litt meir flaks, så kunne dei fort skåra 3 mål til, men denne gong var det vår tur å få godt betalt!

Måndag 5.5 kjem Ølen på besøk, og me håpar at dei som no slit med skadar kjem seg til dess.

1 poeng til; Anders, Eivind G, Geir og Roger

2 poeng til Kenneth S.