Årets tredje treningskamp
Treningskamp 27.3.08. Bømlo – Falkeid 5-1.
52 sek. 1-0 Torgeir
18 min. 1-1
34 2-1 Roger G
53 3-1 Roger G
60 4-1 Ronnie
71 5-1 Geir
Torsdag spelde me vår tredje kamp for året, og fekk vist at me er i ganske god rute fram mot seriestart, men eg må sei at det ikkje var spelet som imponerte meg mest med denne kampen! At kampen i det heile kunne spelast, var kun etter ein ENORM arbeidsinnsats med å få bana rydda for snø. At gjengen til samans brukar over 120 timar på å få rydda bana for ein treningskamp, er intet mindre enn fantastisk imponerande!! Ein stor takk til alle dei som sto på!
Falkeid spelar i år i 6. div, men har eit uttalt mål om opprykk, og satsar deretter, men stilde til denne kampen noko reduserte, utan at det skal gjera innsatsen og spelet vårt mindre imponerande. I periodar viser me at me har stor både pasningsstyrke, løpskapasitet, duellstyrke og glød, og dette betalar seg berre me har tolmod. Spelarane byrjar også å finna seg til rette på forskjellige plassar på bana, og dette ser spanande ut.
Kampen starta fantastisk, med kandidat til årets mål allereie etter 52 sekund! Torgeir bryt rett over midten, dreg den med til ca. 20 m. frå mål, og set ballen heilt opp i motsatt vinkel!!
Etter dette vert det litt jamspelt, men me har eit lite overtak heile vegen. Etter 18 min. stikk ein falkeidspelar seg gjennom på vår høgre side, og får bra treff nede til høgre for Krister, og 1-1. Etter 34 min kjem Geir inn frå venstre kant, og får skutt hardt og vanskelig nok til at keeper må gi retur, og der dukkar sjølvsagt Roger G. fram og set returen i mål til 2-1.
Med litt større treffsikkerhet kunne både Geir, Georg, og Torgeir pynta på til pause.
I andre omgong er me totalt overlegne, og me burde skåra fleire enn dei tre me klarte, men stort sett ein svært solid omgong. Etter 8 min jobbar Geir på nytt kanonbra ned venstresida, og innlegget kjempar Roger G i mål. 6 min etter slår Ronnie eit frispark inn mot mål, og er misnøgd med innlegget heilt til den har glidd mellom henda på keeper og i mål, og etter 26 min får Geir endeleg hol på byllen, og set inn 5-1.
Svært bra gjennomkøyring etter fantastisk jobbing i forkant. Alle spelarane gjorde ein svært god kamp, men ekstra kjekt å sjå at Kenneth S og Eivind G styrer forsvaret som dei gjer, at Torgeir har full kontroll på midten, og at ting fungerar både på kant og på topp. Også svært bra å sjå at me har folk som kan koma inn og gjera topp innsats utan for mykje treningsgrunnlag i kroppen. Johnny, Espen H, og Andor sto fram, mens Ole imponerte med kjempeinnsats i fulle 90 min!
1 poeng denne kampen går til; Kenneth S, Eivind G, Torgeir, og Roger G.
2 poeng til Geir.