Tr.kamp Sveio

In A-lag, Fotball by Bømlo Idrettslag

Første treningskamp, 25.02.2008

Treningskamp 25.2.08. Bømlo-Sveio 4-5.

Måndag fekk me besøk av vår divisjonskollega og nabo på feil side av fjorden, Sveio. Dette var den fyrste testen vår , etter at underteikna overtok som trenar, og då eg ikkje er så godt kjent med alle spelarane enda, så var det eindel spelarar som fekk prøvd seg på litt nye plassar å spela på. Dette medførte sjølvsagt noko prøving og feiling for å finna roller og posisjonar, men det tok overraskande kort tid før ting byrja å sittja.

Kampen starta svært famlande for vår del, og det tok 25 min. før me fann ut at me også kunne spela ballen oss imellom. Sveio viste seg å vera eit fysisk sterkt, og eit bra spelande lag, og me vart springande mykje imellom i starten. Nett når me føler me startar å få litt kontroll, får Sveio skåring, då eit innlegg vert stussa inn i motsatt vinkel, utagbart for Krister.

2 min. seinare slår Kenneth S. eit frispark inn i feltet, som Torgeir pressar så hardt at ein sveibu set den i eige mål. Berre 2 min. etter dette får me ein soleklar straffe, og Geir tek ansvar for å visa at dette har me ikkje trena på endaJ.  To min. før pause testar Roger G. skuddfoten, og treff stanga, men Georg er der på returen, og kliner ballen i mål på direkten. God prestasjon!

Andre omgong startar ganske jamnt, men frå det 15. min. til det 30. presterar me å sleppa inn 4 mål! To av desse kjem etter gode Sveio-angrep, medan dei to andre kjem meir etter kommunikasjonssvikt og misforståelsar i våre bakre ledd. Desse skal ryddast bort så fort som råd er! Etter dette vaknar me til, og spesielt Georg får verkeleg fart på beina. Etter 37 min. er det Espen H. som sklir inn eit Georg-innlegg, og etter 41 headar Roger G. nydeleg inn til 4-5 på bakerste stolpe, på nytt etter fantastisk raid av unge Barane. Enda fleire kunne det blitt, men tap 4-5 er heilt i orden, så har me noko å revansjera når serien startar.

Alt i alt ein god start på sesongen, og det skal bli svært spanande å sjå kva denne gjengen kan gjera ilag utover i denne sesongen. Treningsframmøtet har vært svært bra, og intensiteten på treningane har vært knallbra, og dersom dette held seg, så skal me få godt betalt etterkvart.

3 spelarar får 1 poeng etter denne kampen; Kenneth S, Espen V, og Roger G.

Ein spelar får 2 poeng; Georg.

Odd