Andre treningskamp for A-laget.
reningskamp 28.2.08. Bømlo – Rubb jr. 6-1.
Årets andre treningskamp var mot rubbjuniorane. Etter 45 min ordinær trening, var det dei yngste som fekk jobben å starta kampen, medan dei eldste måtte springa litt i favorittbakken.
I periodar hadde me ganske kraftig vind imot, og i 10 min. verka det som om vinteren var tilbake for fullt, med stormkast og regn og sludd. Rubbjuniorane hadde kommandoen størsteparten av omgongen, og hadde dei klart største sjansane, men me forsvarte oss ganske bra, og haldt stand heilt til det 35. min, då eit langskot finn veien inn bak Kasper.
I andre omgong kjem eit litt eldre lag på bana, og det viser seg fort at me då vert ganske overlegne både fysisk og spelemessig. Utan at rubbarane kjem til særleg med sjansar puttar me jamnt og trutt inn 6 mål. Roger S. og Georg startar skåringane, medan Torbjørn S. og Roger G. (2) føl opp, og Torgeir set inn det 6. på straffe.
1 poeng denne kampen går til; Sivert, Stein Erik, Kenneth S, Roger G, Roger S, Torgeir, og Georg
2 poeng går til dommar Petter Lied frå Rubben, som me gjerne vil sjå med fløyta igjenJ